Lokal | 07. des. 2017

– Eit inngrep i Fusapolitikken

Bjørnafjorden kommune • Oppretting av eigedomsskatt-utval er eit inngrep i Fusapolitikken, meiner Mikael Leigland (Sp).

– Eit inngrep i Fusapolitikken
Det blei diskusjonar då fellesnemnda skulle ta stilling til om dei skulle oppretta eit adhoc-utval for avvikling av eigedomsskatt (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 07. des. 2017 09:39

På fellesnemnda sitt møte på Skjelbreid Poirée måndag vedtok fleirtalet på seks å oppretta eit adhoc-utval som skal arbeide med strategi, finansiering og eventuell søknad om unntak frå lov vedrørande avvikling av eigedomsskatten i Fusa kommune.

Utvalet vil bli leia av Gustav Bahus (Frp). Han får med seg Nils Anders Nøttseter (MDG), Roger Hoel (uavh) og Gustav Folkestad (V). I tillegg vil Ingrid Karin Kaalaas frå administrasjonen i Os og Gunn Sissel Teigen frå administrasjonen i Fusa vera del av utvalet.

– No vel vi eit utval som vi kanskje ikkje treng. Dette er eit inngrep i Fusapolitikken. Samhandling av avgiftene er det eitt av dei andre utvala som skal ta seg av. Når det gjeld eigedomsskatt, så er det ikkje eit behov for eit eige utval om ein held seg til det som blei vedtatt sist møte, meinte Mikael Leigland (Sp) og viste til sist møte i fellesnemnda kor Fusa-politikarane forplikta seg til å kutta eigedomsskatten med èin promille kvart av dei neste to åra.

Søknad eller ikkje?

Marie Bruarøy (H) var ikkje samd med Leigland.

– Eg trur så absolutt at vi har brukt for det. Ikkje minst i høve søknaden.

– I høve søknaden så er det gjort vedtak om at vi ikkje skulle senda den. Då må det gjerast vedtak om at saka skal opp att. Ellers så er det vedtatt at eigedomsskatten forsvinn frå 2019, svara Leigland.

– Det er ikkje gjort vedtak om at vi skulle sende søknad eller ikkje. Difor blei det spelt inn då vi handsama sakslista til dette møtet at det skulle takast opp i denne saka, kommenterte Bruarøy.

Hadde fått utsett frist

Leigland gav seg ikkje på det.

– Eg har vore med i eindel politiske saker i mi tid. Vi diskuterte det i førre møte, og om eg forsto det rett, så måtte søknaden sendast før 1. november, om ikkje så var toget gått.

– Når eg spurte om vi ikkje kunne utvida saka litt, så var det med bakgrunn i at det var kome tilleggsinformasjon om den tidsfristen og at den er utsatt, kommenterte Gustav Bahus.

– Administrasjonen i Fusa har vore i kontakt med departementet. Eg har også vore i kontakt med departementet og fekk til svar at det ikkje var noko problem om vi handsama det i fellesnemnda i dag og sendte søknaden så raskt som mogleg. Alle kommunane i Hordaland som skal slå seg saman har sendt ein slik søknad. Då meiner eg at vi bør gjera det også, nettopp for at adhoc-utvalet skal få eit handingsrom, forklarte Bruarøy.

Politisk omkamp

Den opplysninga fekk Leigland til å reagera.

– Då har eg litt problem med dei politiske vedtaka som er gjort. Vi sa i forrige møte at vi ikkje skulle senda søknad. Då er dette ein politisk omkamp. Det er vi godt vant med i Fusa. Om fleirtalet her meiner det er greitt at vi skattelegg fusingane etter 2020 så er det greitt, men det var ikkje det som var forutsetninga då vi spurte innbyggjarane om vi skulle slå oss saman. Vi må ha lik skattlegging i 2020. For meg er det heilt greitt å skattlegge osingane etter 2020.

– Eg meiner det forrige møtet vi hadde ikkje gjorde noko skikkeleg vedtak. Dei frå Fusa kom med at dei skulle ordna det med éin promille reduksjon i eigedomsskatten kvart år i to år, så skulle Bjørnafjorden kommune ta resten. Difor er det viktig å få dette utvalet og å senda søknaden, svara Laila Marie Reiertsen (Frp).

– Eg vil vise til intensjonsavtalen som seier at Bjørnafjorden kommune ikkje skal ha eigedomsskatt og at det er eit mål om at det skal etablerast overgangsordningar. Grunnen til at den siste setningen kom inn var at når vi satt og forhandla så var vi uroa for dette med eigedomsskatten. Vi visste ikkje kor raskt vi klarte å avvikle den. Søknaden er ein moglegheit for å skaffe oss eit verktøy. Då må vi bruka det, supplerte Bruarøy.

– Dette er eit klar inngrep i Fusa sin politikk. Eg forheld meg til kommunestyret i Fusa. Dei kan gjera eit vedtak om at eigedomsskatten skal fjerast frå 2020. Vi er herre i eige hus fram til ny plattform er etablert, svara Leigland som fekk støtte frå Atle Kvåle (Ap) på spørsmålet om det er grunnlag for å ha eit utval for eigedomsskatt når ein var så tydeleg som ein var i forrige møte.

Etter ytterlege diskusjonar om ikkje også avgifter eventuelt burde vore inne, skar utvalsleiar Marie Bruarøy og tok saka opp til votering, då ein ikkje klarte skapa konsensus kring den. Opprettinga av utvalet og avgjera om å gje rådmannen fullmakt til å senda søknaden blei vedteken med seks røyster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.