Leiar i Os Frivilligsentral, Tove Hille, saman med Ziriba som hadde meldt seg som frivillig under generasjonsturen til Øvreeide Gard på onsdag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Eit lite stykke heile verda

I nokre timar på onsdag var Øvreeide Gard i Hegglandsdalen eit lite verdssamfunn av språk, kulturar og matrettar.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Planen var strålande enkel; invitér til gardsbesøk i Hegglandsdalen, sett opp skyttelbuss og sei at det heile gratis. Det einaste du faktisk trengde ta med var grillmaten. Kaffien, safta, potetsalaten og alt anna stod klart til deg når du kom fram.

Initiativet bak gardsturen kom frå Os Frivilligsentral, Norsk folkehjelp i Os og Sanitetsforeiningane i Os.

– I want to give something back

Til onsdagens generasjonstur var det nærare 150 påmelde.

Ein av dei som sytte for at alle hadde det fint var Ziriba frå Kongo.

Iført oransje vest med «VERT» på ryggen var Ziriba ein av mange frivillige som gav vekk nokre timar av tida si denne dagen.

Leiar i Os Frivilligsentral, Tove Hille, fortel at dette var Ziriba sitt første oppdrag som frivillig for sentralen.

Ziriba fortel på engelsk at sjølv kom han til Noreg i oktober i fjor, og at det er éin ting som veg veldig tungt for han;

– Eg vil gje noko tilbake, og då er ein dag og eit oppdrag som dette særs meiningsfylt for meg.

– What's that? – Øh, that's grillpølse

I tillegg til flott natur og sitjegrupper til dei vaksne baud Øvreeide Gard på ei rekkje aktivitetar til barna.

Det var leikebilar som du kunne køyra sjølv, pil og boge-skyting, fjellklatring og båtturar.

Det var i tillegg ei rekkje dyr ungane kunne få helsa på. Det er ikkje kvar dag du kan få helsa på ein nyfrisert lama!

Maten var eit eige kapittel for seg sjølv.

Til for mange, ukjende musikalske tonar frå fjernare himmelstrok, vart det henta fram, og grilla saman dei mest eksotiske og velsmakande matrettane.

Det gjekk kjapt opp for artikkelforfattaren at grilling kan vera så mykje meir enn det du rakk å raska med deg frå Kiwi.

Grillpølsene og burgarane til Ola Nordmann bleikna fort på grillen.

– Whats that?

– That's grillpølse.

– Are you going to eat it like that? Just with bread?

– Øh, yes ...

– You Norwegians are funny.

Fleire saker