Lokal | 17. des. 2019

Eit punktum som handlar om identitet og tradisjon

22,5 meter med osroso kom på plass på Halvor Hanevik sin siste arbeidsdag i Os kommune.

Eit punktum som handlar om identitet og tradisjon
Halvor Hanevik ved det store, nye ossroso-skiltet mellom Byvegen og Stegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. des. 2019 11:18

Ideen kom ein kveld, og fekk oppslutnad i Liv på Øyro 2-utvalet. I går starta monteringa av eit skilt på 22,5 x 4 meter på det som var bakveggen på den gamle brannstasjonen.

– Vi er, med god grunn, spesielt stolte over oselvaren og osroso. Oselvaren har fått ein del positiv merksemd dei siste åra, det har etterkvart osroso fått òg. Men sidan ikkje restaurantbygget på torget fekk like stor grad av rosepreg som først tenkt, ville vi gjera denne veggen synleg heilt inn til midten av Øyro, seier prosjektsjef Halvor Hanevik.

Han takkar lokale bedrifter, tre firma i Industrivegen, for måten dei har realisert ideen på.

Ei dørlist heime hos Hanevik har blitt dekor i Os sentrum. (Foto: KVB)
Ei dørlist heime hos Hanevik har blitt dekor i Os sentrum. (Foto: KVB)

– Klas Færøvik på Duo Reklame har tatt bilde av ei rosemåla dørlist heime hos meg, og kom sjølv med idear til design med mur og tekst. Maxprint har trykt det store skiltet som no er montert av Os Blikk.

Meir liv på Øyro?

Hanevik startar i ny jobb i januar, og tar ut ferie frå i morgon.

Siste oppdrag blir i dagens møte i Bjørnafjorden kommunestyre. Der blir truleg samarbeidspartia sitt budsjett vedtatt, eit budsjett som døyper sentrumsutviklingsprosjekta i ny storkommune om til Liv i Bjørnafjorden.

– Om du skulle halda fram i jobben i eit halvt år til, kva var det neste du ville ønskt bli realisert i og nær Os sentrum?

– Det eg vil oppmoda politikarane og administrasjonen om, er å jobba vidare med parkering i fjell, utbetring av Os gjestehamn og realisering av eit godt prosjekt på Steinneset.

– Eit godt sentrum gir nye skatteinntekter og auka trivsel, noko som igjen gir betre helse til innbyggarane i Os.

– Del av poenget er at osroso skal vera synleg eit godt stykke inn i sentrum. (Foto: KVB)
– Del av poenget er at osroso skal vera synleg eit godt stykke inn i sentrum. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.