Lokal | 19. juni 2012

– Eit rikt lagsliv

Osbygda har mange lag og organisasjonar, no vil kommunen samla dei i ein oversikt og treng hjelp.

– Eit rikt lagsliv
Øyvind Gjerde og kultureininga vil laga ein samla oversikt over lagslivet i Osbygda (foto: Kari Marie Austevoll)
Andris Hamretysdag 19. juni 2012 18:31

Kor mange lag og organisasjoner det eigentleg er i Osbygda er det knappast nokon som veit.

- Det vi veit er at bygda har eit rikt og engasjert lagsliv, men ei samla og oppdatert oversikt manglar vi, fortel Grete Byrkjeland i kultureininga på kommunen.

- Vi har i samband med søknadar om støtte fått samle eindel, men lista er nok ikkje komplett eller nødvendigvis oppdatert.

Mange som spør

Byrkjeland fortel at kommunen ofte får spørsmål frå nyinnflytta og andre om kva fritidsaktiviteter som finns i bygda og kor ein skal henvenda seg.

- Dei på kundetorget svarar så godt dei kan, men vi såg at vi trengte ein betre oversikt.

- Det er ikkje alltid at laga tenkjer på å opplysa kommunen om det når dei bytter leiar eller andre i sentrale roller, forklarar Byrkjeland.

Vil laga brosjyre

Saman med kollega Øyvind Gjerde har ho satt seg fore å laga ei komplett brosjyre med oversikt over alle laga og kontaktpersonane.

- Dei som vegrar seg for å få namn og telefonnummer på trykk skal sjølvsagt få slippa det, men vi håpar dei likevel kan senda oss opplysingane til internt bruk i kommunen.

Kortid brosjyra blir ferdig veit ho ikkje enno. Første del av jobben blir å få inn alle opplysningane.

- Det hadde vore flott om dei som er med i laga hadde passa på at sitt lag sender inn, oppmodar Byrkjeland.

Opplysningane kommunen ønskjer å få inn er:

  • Namn på organisasjonen/laget
  • Namn på leiar
  • Fullstendig postadresse
  • Telefonnummer
  • Møtestad/lokale
  • Aktivitetar i stikkord
  • E-postadresse
  • Eventuell nettstad

Dette kan sendast til Grete Byrkjeland eller Øyvind Gjerde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.