Næringsliv | 09. okt. 2014

– Eit show for deg!

Os sentrum inviterer til haustshow for å visa moter, trender og kva sentrum har å by på. – Det er ikkje berre for damene, poengterar Laila Moberg.

– Eit show for deg!
Lisa Nøttseter, Laila Moberg og Barbra Røttingen i full gang med førebuingane til Haustshowet til Os sentrum (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 09. okt. 2014 11:50

For to år sidan fylte sentrumsforeninga Kløvertun med 200 tilskodarar då dei inviterte til moteshow for å visa kva butikkane i sentrum har å by på.

– Det var etter den framvisninga ideen om at det hadde vore tøft å gjera noko i Oseana blei sådd.

– Etterkvart forma den lause ideen seg til at vi ville laga eit show basert på ei historie om kva eit par som etablerar seg, og bur i Os, kan finna i sentrum, forklarar Laila Moberg om bakgrunnen for showet dei inviterer til onsdag i neste veke.

Treng ikkje reisa til byen

Laila tok sjølv på seg oppgava å skriva historia, kor alle medlemsbedriftene i sentrum er involvert. Til å hjelpa seg med å sy det samen til eit heilheitleg show har ho fått med seg Lisa Nøttseter som regissør og Barbra Røttingen som fortellar/konfransier.

– Det var utruleg kjekt å bli spurt. Sjølvsagt ville vi vera med på dette, fortel dei to.

– Ein ting som slo meg då eg leste utkastet til historien frå Laila er at her har vi jo alt.

– Innbyggarane i Os treng ikkje reisa til byen for å handla. Vi har alt i vår eiga bygd.

– Det har vi lyst til å få fram i showet, fotel regissør Lisa Nøttseter.

Bli med på ei reise

Historia handlar om paret, i showet spelt av Jan Helge Kordts og Linda Nytræ frå Søre Neset-revyen.

– Dei blir på mange måter den raude tråden i showet, der dei nyttar seg av tilboda i sentrum, alt frå klesbutikkane med moter og trender, til røyrleggarar, jernvarer, interiør, banker og gullsmed.

– Vi vil visa at bygda er meir enn pizza og frisørar, som enkelte påstår, smiler Moberg.

I tillegg kjem C.J. Marvin og Hans Marius Johnsen som representanter for pianobaren på Solsiden og bluesen på Peppes.

– Vi har òg fått med oss "foredraghaldarar" frå DnB, Liv på Øyro og Torstein frå Haaheim gaard til å krydra framsyninga.

Mingling og gåver

Det er ikkje berre show Os sentrum inviterar til.

– På inngangbilletten, som er i sal hjå medlemsbedriftene i sentrum, blir det trekking av gåver frå butikkene.

– Eg er overvelda over bidraga som har kome inn, det er alt frå diamantring og årskort på Aktiv 365 til gåvekort i tusenkroners-klassen.

– Om folk vil sikra seg billett bør dei vera raske, mange har gjort det allereie, så det kan fort bli fullt.

– Etter showet legg vi opp til mingling, smaksprøver og moglegheiten til å få sjå nærare på butikkane sine utval i foajeen.

– I tillegg kan ein jo ta seg eit glas med noko godt saman med gode vener både før og etter showet, avsluttar Laila Moberg med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.