Kultur | 24. des. 2018

Eit sukk gjennom salen

VIDEO: I fjor debuterte han, i år song Lærum ei signaturlåt av Disney då Fonos stilte med blåserekke og song for 750 i Oseana.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. des. 2018 10:25

Bildeserie:

1 av 7

Tredje søndag i advent var det tid for Fonos sin årlege julekonsert.

Det populære blandakoret har hatt utselt sal og ekstranummer fleire gongar, i år la dei for første gong ut billettar til to konsertar frå start.

400 til første konsert og 350 til andre konsert er gode salstal. Publikum fekk med seg eit vidt spenn av julelåtar, nokre som svinga, andre som skapte julefred. Energi og balanse.

Ti solistar

Fonos er ein stabil gjeng på rundt 30 vokalistar. I år hadde Gro Helen Blindheim Skjælaaen og Leif Østrem permisjon.

– I fjor hadde vi 18 solistar, fleire av dei var nye. Det blei kanskje litt mange. I år nøydde vi oss med ti, seier dirigent Stine Kobbeltvedt.

Blant desse var debutant Henriette Kleppe (38), og Brede Lærum, som debuterte på julekonserten i fjor.

Det gjekk eit sukk gjennom salen då han drog i gang med «When You Wish upon a Star», Disney si signaturlåt frå filmen om Pinicchio frå 1940, framført av Timmy Gresshoppe (Øivind Blunck på norsk).

Anne Solberg Andersson song «Nordnorsk Julesalme» på osamål, arrangert av Knut Vidar Garlid.

Fonos hadde med seg blåserekke, og musikarane fekk òg sin plass i konserten med fleire soloparti.

– Det er andre gong vi har med oss blåserekke, og første gong på julekonsert. Det var veldig gøy, synest dirigenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.