Linda Kjosaas og Vegar Klyve. (Foto: Privat)

Eit val for framtida

Lesarinnlegg: Kommunevalet i år er ikkje berre eit politisk val, men i aller høgaste grad eit klimaval.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Sist veke kom FN med ein ny klimarapport som atter ein gong slår alarm om at kloden si tålegrense er nådd.

Det er dyster lesing, og ein kjenner seg fort litt makteslaus når ein tenker på kva vi, men endå meir våre barn og barnebarn må stri med når verda går ei utarma framtid i møte med tørke i store delar av dei landområda som no er vårt matfat, samt auka ekstremvær her heime med dødelege konsekvensar i form av ras og flaum.

I juli traff ei rekordvarm hetebølge Europa, og tidlegare denne veka smelta over ti milliardar tonn is på Grønland på éin dag. 

Likevel kan vi enno gjera noko med det, både som privatpersonar, næringslivsaktørar og lokalpolitikarar.  Det er difor dette kommunevalet er så viktig. Her treng vi handlekraftige politikarar som tek klima på alvor og arbeider målretta for at Bjørnafjorden kommune skal redusera sitt klimaavtrykk. Difor ynskjer Bjørnafjorden Arbeidarparti å setja i gang følgjande tiltak:

1) Ja til å ta klima og miljø på alvor i all kommunal planlegging.
Eit av råda frå FNs klimapanel for å stoppa den negative utviklinga med global oppvarming, er at vi alle tenker oss om før vi grip inn i naturen og tilser at dyrka mark, matjord, skog og torvområder vert verna mot ukritisk utbygging.

2) Ja til plastfri kommune.
Kvart år hamnar over åtte millioner tonn plast i hava våre. Vi menneske må endra plastbruken vår om ein skal klara å redda dyrelivet i havet. Difor vil Bjørnafjorden Arbeidarparti at Bjørnafjorden skal vera ein plastfri kommune i framtida, og sikra at heile kommunen, og særskilt store arbeidsplassar som Bjørnafjorden kommune, resirkulerer. 

3) Stopp nedbygginga av dyrka mark og matjord.
Vi veit at global oppvarming fører til tørke og matusikkerheit. I ein slik situasjon skal ein vera kritisk til utbygging som grip inn i dyrka mark som er resultatet av generasjonar av kultivering. Matjord kan ikkje kjøpast på bensinstasjonen når butikken er stengt.

4) Stilla miljøkrav til oppdrettsnæringa.
Vatnet og fjorden vår skal vera rein og levande. Difor er det svært viktig å arbeida saman med oppdrettsnæringa for å sikra at miljøkrava vert fulgt og at vekst i næringa ikkje fører til utarming av fjordane våre.

5) Utarbeida tiltak mot effekten av flaum og tørke.
Allereie no ser vi korleis ekstremværet trugar Vestlandet og fører til tap av kjære i ras og flaum. I helga kom det svært nært på enkelte av oss som opplevde raset i Samnanger. Kor mange gonger tør vi seia at «det var godt det ikkje var oss»? Difor er det no endå viktigare å auka bevilgningane til ras og flaumsikring, og det er vanskeleg for oss å forstå at dagens regjering trossar alle advarslar og kuttar i ras og flaumsikring år etter år. Då lovar det ikkje godt at den ansvarlege for kutta, nemleg den tidlegare Olje og energiministeren no stiller til val som ordførarkandidat for FrP i Bjørnafjorden kommune.

6) Utvikla Lyseparken som eit verdsleiande næringsområde for grøn energi.
Noreg er verdsleiande innan energiutvinning og har gjennom fleire tiår opparbeida seg erfaring og kompetanse. Dette vil hjelpa oss mot det grøne skiftet, og sikra arbeidsplassar og verdiskaping også i framtida.

Vi har nådd eit punkt der vi må slutta å snakka og begynna å handla. Det har barn og unge over heile verda forstått. Då treng vi polikarar som tek framtidsgenerasjonen på alvor og ser verdien av naturen rundt oss, ikkje berre i pengar, investeringar og statusprosjekt, men som rein luft, reint vatn og matsikkerheit for generasjonar framover.

Politikarane i Bjørnafjorden, Noreg og verda har ein viktig jobb framover i å sikra dette med god og framtidsretta planlegging, men vi vanlege folk spelar og ei rolle, og ved å eta litt mindre kjøt, kjøpa lokal, kortreist mat, reparera istadenfor å kasta, kjøpa litt mindre nytt og kasta mindre mat tek vi alle del i røyrsla for ei betre verd. 

Eit praktisk steg på vegen er å stemma på Trine Lindborg og Bjørnafjorden Arbeidarparti ved valet 9. september. Godt val!

Vegar Klyve
Leiar for Bjørnafjorden AUF

Linda Kjosaas
7. kandidat for Bjørnafjorden Arbeidarparti

Fleire saker