Lokal | 21. sep. 2018

Eitt forbod - to åtvaringar

– Ein roleg dag på Halhjem, skriv Statens vegvesen etter dagens kontroll.

Eitt forbod - to åtvaringar
Statens vegvesen på Halhjem ferjekai. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. sep. 2018 12:29

Statens vegvesen hadde trafikktryggleik i fokus då dei hadde kontroll på Halhjem ferjekai i dag.

– Det var ein roleg dag i trafikken. Vi veit ikkje om vi skal skulda på vêret, men det var få alvorlege brot på trafikktryggleiken, og det er vi nøgd med, skriv John Kåre Larsen i rapporten.

Noko blei det likevel å reagera på.

– Eitt køyretøy fekk bruksforbod grunna gjenstandar i frontruta, to sjåførar fekk åtvaring etter kontroll av køyre- og kviletid.

I tillegg blei det oppdaga tekniske manglar på tre køyretøy, eitt av dei hadde mindre farleg feil på bremsane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.