Sport | 15. mai 2010

Eitt poeng til Os

Kampen mellom Fana og Os enda uavgjort. Tim Henrik Sperrevik blei utvist i 2. omgang.

Eitt poeng til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. mai 2010 14:56

Laurdag klokka 16 starta Os sin bortekamp. Os står med eitt poeng etter dei fire første rundane, motstandar Fana med fire. Fana har slått Vålerenga 2 (2-1), tapt for Stord (1-0), spelt uavgjort med Frigg (2-2) og tapt for Førde (3-0).

Fana - Os: 0-0

Ifølgje Midtsiden sin mann på staden dominerte Fana den første halvtimen, men så kom Os meir med i spelet.

- Stian har heada i tverrliggar og Tim har vore åleine med keeper, fortel Roald Stigen.

Vann andreomgangen
Fana skal ha spelt kjedeleg Drillo-fotball medan Os prøvde å skapa noko, og leia banespelet. Men det blei ikkje mål i 2. omgang heller.

- Os hadde fortent ein 1-0-siger i dag, meiner Stigen.

Tim Henrik Sperrevik fekk sitt andre gule kort i ein situasjon der ein Fana-spelar slo Tim, men ikkje fekk direkte raudt som fortent. I staden blei det reagert på noko Tim sa til linjemannen etter episoden.

Os sitt lag (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes, Dani A. Bergstø, Endre Brenne, Remi Osebakken, Tore Valvik, Torkel Hjertsen, Daniel Kalstad, Tim Henrik Sperrevik, Erik Kanestrøm.

Artikkelen blir oppdatert.

SJÅ TABELL

Fleire resultat frå femte runde i 2. div. avd. 1
Stabæk 2 - Vålerenga 2: 2-0
Manglerud Star Toppf. - Frigg: 0 - 1
Førde - Åsane: 1-5
Notodden - Kjelsås: 5-1
Stord - Nest-Sotra: 3-0
Den siste kampen i runden går mellom Asker og Bæreum 16. mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.