Sport | 12. jan. 2015

Eitt sekund bak bronsen

Sverre Lunde Pedersen gjekk ein kanonbra 10 000 meter, men diverre heldt det ikkje til pallplassering i EM.

Eitt sekund bak bronsen
Sverre Lunde Pedersen (foto: Skøyteforbundet)
Andris Hamremandag 12. jan. 2015 09:13

Laurdag gjekk Sverre Lunde Pedersen ein god 5000 meter i par med Sven Kramer og la eit godt grunnlag før søndagens 1500 og 10 000 meter.

På 1500 meteren gjekk Lunde Pedersen inn på tida 1.47.32, 1.10 sekund bak distansevinnar Denis Yuskov frå Russland.

Nettopp Yuskov blei løparen osingen måtte kjempa mot om bronsemedaljen.

Sverre gjekk ein kanonsterk 10 000 meter i par med europameister Sven Kramer. Med stort sett 31,5 - 31,6 og 31,7 runder gjekk han inn til karrierebeste med sluttida 13.16.27.

Tida heldt til andre plass på distansen.

Motivert fram mot VM

Ulempen var at russeren gjekk i paret etter og hadde tidene til Lunde Pedersen å gå på. På dei to siste rundene klarte Yuskov å pressa rundetidene ned i 30,9 og dermed klarte han å snika seg framfor Lunde Pedersen i samandraget.

– Etter min beste 10k i karriera var det veldig tungt og bittert med ein 4. plass sammenlagt, og spesielt når det kun skilte eitt sekund på 10k fra 3. plassen samanlagt.

– Dette gjev meg masse motivasjon inn mot VM enkelt og allround, som jeg skal bruke godt dei neste vekene, skriv Lunde Pedersen på facebooksida si.

Europameister blei Sven Kramer frå Nederland med poengsummen 149,928. Koen Verweij tok andreplassen med 150,107 framfor Denis Yuskov 150,697 og Sverre Lunde Pedersen med 150,764.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.