midtsiden

Eitt-touch-spel gav siger

Onsdag kveld spelte A-laget til Os sin tredje treningskamp i løpet av kort tid. Motstandar var Fyllingen.

Av: Gjest

Fyllingen rykte ned til tredjedivisjon før 2010-sesongen, og skal møta Os 2 i seriekampar seinare i år. Men onsdag var det duka for treningskamp i Fyllingsdalen.

Eit fantastisk angrep der ballen gjekk på ein-touch åtte-ti pasningar før Ramo Racic sette ballen i mål gav 1-0 siger til Os etter 0-0 til pause.

Det blei ein jamn kamp med få sjansar begge vegar. Det er tydeleg at det har vore ein vinter med mykje snø og lite teknisk trening. Det var to godt organiserte lag som møttes til kamp.

- Fyllingen var betre enn oss til å halda på ballen, men vi var best i å utnytte overgangane når sjansen baud seg, fortel trenar Frank Hellevik.

- Resultatmessig er eg nøgd, men vi mister ballen litt for lett. Det er kanskje ikkje så rart med dei treningshøva vi har hatt i vinter. Fysisk er vi i mykje betre forfatning enn i fjor, men vi har noko å gå på teknisk. Det er godt vi er i gang med treningskampar, for ein del av spelarane byrjar nok å gå litt lei av berre fysisk trening, avsluttar Hellevik.

Desse spelte for Os: Anders Solberg Strønen, Baste Bognøy Jonassen,  Dani Alvær Bergstø, Endre Brenne, Remi Osebakken,  Frode Buvik (Tom Skråmstø frå pause), Stian Lunde, Vegard Leikvoll Moberg (Preben Borgen frå pause), Erik Kanestrøm (Vegard Leikvoll Moberg inn att frå 70 min), Daniel Kalstad (Mats Lepsøe frå pause), Ramo Racic (Christer Olsen frå 65 min).

Neste treningskamp er laurdag 13. februar kl 13.00 borte mot Nest-Sotra.

Fleire saker