Kultur | 06. apr. 2010

Ekofisk-blues

Osøren Blues & Jazzfestival var representert under påskefeiringa på Ekofisk.

Ekofisk-blues
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. apr. 2010 07:47

Rundt 200 av dei til saman 600 som til ei kvar tid er i drift på Ekofisk fekk laurdag kveld med seg både blues og humor i kinosalen på den eine av dei sju plattformene i komplekset.

- Vi sto for oppvarminga til sjefen for Råthåla, Bjørn Jensen, seier Per Kristian Hægland frå Osøren Blues & Jazzfestival.

Hægland er del av husbandet, som elles består av Audun Børgesen (bass/vokal), Heidi Gravdal (vokal), Kristoffer Frøyen (trommer) og pianist Erik Braatnes.

- Øvingsforholda på plattforma er veldig gode. Vi spelar på dei fleste arrangement, som jul og påske, og viss vi er ute i feltet. Og det blir ofte seine kveldar, fortel han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.