Næringsliv | 16. mars 2015

Ekspanderer – med nytt namn

Det mest lønsame selskapet i Os, DWC, har endra namn. No vil dei bygga nytt hovudkvarter i Os.

Ekspanderer – med nytt namn
Direktør Øyvind Heradstveit i FourPhase, tidlegare DWC AS. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. mars 2015 20:31

DWC AS, som starta i 2012, var med eit årsresultat på 53,8 millionar kroner det mest lønsame selskapet i Os i 2013.

No har firmaet skifta namn til FourPhase, og trass låge oljeprisar satsar dei vidare i Hegglandsdalen.

- Uansett nivå på oljepris er det pengar å tena på å effektivisera produksjonen og kutta kostnadane. Vår teknologi sørgjer for nettopp det, seier operasjonsdirektør Øyvind Heradstveit til BT.no.

Vil utvida i Hegglandsdalen

Heradstveit seier omsetnaden gjekk noko ned i 2014.

Men selskapet sine planar om å bygga nytt hovudkvarter i same industriområde dei i dag held til, står ved lag.

Ein idé frå Os

Oljeeventyret i Hegglandsdalen starta med ein idé klekt og forma av osingane Anders Arefjord og Jarle Nytræ i 2011.

Arefjord og Nytræ har kome med nye teknologiske løysingar til olje- og gassnæringa før, og har erfaring tilbake frå 1997.

Dei har jobba saman og kvar for seg, som oppfinnarar og konsulentar, i ulike selskap. Då Anders fekk ein ny idé og Jarle fekk forma den på teiknebrettet i 2011 gav det grunnlag for DWC AS, som blei etabelert 1. januar 2012.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.