Lokal | 17. mars 2020

Eksplosiv auke: Vil i dialog med næringslivet

Nav deltar i det digitale møtet fredag.

Eksplosiv auke: Vil i dialog med næringslivet
Nav fortel om stor auke i talet på arbeidslause i Vestland fylke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. mars 2020 21:24

Måndag fortalte Bjørnafjorden Næringsråd om initiativ til digitale kurs og møte i kommunen i samband med koronaviruset og smitteverntiltaka.

Kommunen er med på laget, og møtetidspunkt er sett til klokka 14, står det i ein invitasjon sendt ut i kveld.

– Kva kan kommunen gjera? Kva kan næringsrådet bistå med? Og kva kan den enkelte bedrift gjera? skriv næringsrådet i invitasjonen.

Ordførar Trine Lindborg (Ap) vil delta på møtet. Det same vil avdelingsdirektør hos NAV, Jan Vidar Dammen Hjelmeseth.

– Koronaviruset rammar no mange verksemder i ulike næringar. Vi reknar med at auken i talet på registrerte hos NAV vil halda fram dei komande vekene, seier Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth, leiar for NAV Bjørnafjorden og NAV region Midthordland.

Arbeidsgjevar som må permittera ti eller fleire tilsette skal melda frå til NAV så tidleg som mogleg, på skjemaet «Arbeidsgjevars meldeplikt til NAV ved masseoppseiing, permitteringar utan lønn og innskrenkingar i arbeidstida». Skjemaet finst på nav.no.

– I tillegg til å varsla på vanleg måte med skjemaet, kan arbeidsgjevarar ta kontakt med oss. Då kan vi hos NAV bidra til ei rask avklaring av situasjonen ved verksemda, og gi verksemdene naudsynt informasjon, seier Dammen-Hjelmeseth.

Det vil bli behov for arbeidskraft

Samstundes som arbeidsgjevarar varslar NAV ved permittering, er det viktig at også arbeidsgjevarar som får behov for arbeidskraft tar kontakt med NAV.

– Som følgje av koronaviruset vil det bli eit aukande behov for arbeidskraft innan fleire næringar. Helse- og omsorgssektoren nasjonalt og lokalt melder allereie behov for ressursar og kompetanse, seier Dammen-Hjelmeseth.

Personar som registrerer seg hos NAV blir bedt om å fylla ut CV og jobbprofil.

Dammen-Hjelmeseth oppmodar alle om å registrere fullstendig og oppdatert CV. Dette vil gjere det lettare både for potensielle arbeidsgjevarar og NAV å finne rett kompetanse.

Arbeidstakarar som til dømes vert råka av permittering innan ei næring, kan ha kompetanse som det er stort behov for no, i andre sektorar.

11.000 fleire ledige i Vestland siste veka

Tysdag 17. mars var 18.400 personer registrert som heilt ledige i Vestland, ifølgje førebelse tal frå NAV. Det utgjer 5,5 prosent av arbeidsstyrken.

Summen av heilt ledige og arbeidssøkjarar på tiltak var på 20.000 personer, eller 6,0 prosent av arbeidsstyrken.

– Norsk økonomi og den norske arbeidsmarknaden er inne i ei svært krevjande tid, og dette fører allereie til eit høgt tal permitteringar og dermed sterkt aukande arbeidsløyse. Slik situasjonen er, ventar vi at denne utviklinga vil halda fram, seier direktør for NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.

Samanlikna med tysdag i førre veke, har 11.000 fleire blitt registrert som heilt arbeidsledige, ein auke på 152 prosent. Hovudårsaka til auken er fleire permitterte. Statistikken over nye dagpengesøknader viser at det berre i løpet gårsdagen, måndag 16. mars, kom inn om lag 3.000 søknader om dagpengar ved permittering.

For å få dagpengar må ein først registrere seg ledig og så sende og få innvilga søknad om dagpengar. Det kan vere behov for å samle dokumentasjon og liknande, slik at auken i nye dagpengesøknader ofte vil kome med noko etterslep på auken i ledigheit. Det er difor grunn til å vente at talet på dagpengesøknader vil halde seg svært høgt i dagane som kjem.

Størst auke i Aurland

Ledigheita aukar i heile Vestland, men auken den siste veka har vore størst i Aurland (407 %), Stryn (280 %) og Voss (265 %).

Auken har vore minst i dei minste kommunane, som Fedje og Modalen. Bergen har no 10.214 heilt ledige. Dette er meir enn heile Vestland fylke har hatt den siste tida.

Flest kvinner

Ledigheita aukar mest for kvinner. Den siste veka har talet heilt ledige kvinner auka med 6.000, eller 200 prosent.

For menn har ledigheita auka med 5.000 personer, ein auke på 118 prosent.

Ledigheita er no på 5,7 prosent for kvinner og 5,2 prosent for menn.

Denne utviklinga heng saman med kva yrkesgrupper som blir råka. Den siste veka har auken vore stor mellom anna innan reiseliv, serviceyrke og butikkarbeid. Dette er næringar der det jobbar mange kvinner.

84 000 fleire ledige på landsbasis den siste veka

I dag var 149.000 personar registrert som heilt ledige, ifølgje foreløpige tal frå NAV. Det utgjer 5,3 prosent av arbeidsstyrken. Summen av heilt ledige og arbeidssøkjarar på tiltak var på 164.000 personar, eller 5,8 prosent av arbeidsstyrken.

Samanlikna med tysdag i førre veke har 84.000 flere blitt registrert som heilt arbeidsledige, noko som utgjer ein auke på 128 prosent. Desse tala er ikkje sesongjusterte. Hovudårsaka til auken er fleire permitterte.

Ledigheita aukar i heile landet, men auka har den siste veka vore størst i Trøndelag (153 %), Vestland og Oslo (begge 152 %). Auka har vore minst i Vestfold og Telemark, med 96 prosent fleire heilt ledige enn for éi veke sidan.

Ledigheita har auka mest for kvinner, med 170 prosent, mens ledigheita har auka med 99 prosent for menn. Denne utviklinga heng saman med kva yrkesgrupper som blir ramma.

Den siste veka har auken vore størst innan reiseliv og transport, med heile 299 prosent. Serviceyrker ligg på 223 % og butikk- og salsarbeid på 171 %.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.