Lokal | 06. okt. 2017

Ekspresslevering til biblioteket?

Dette lesarbildet inspirerte til eit lite dikt.

Ekspresslevering til biblioteket?
Ei litt uheldig parkering ved Os Næringspark i dag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no, foto: Hans Kristian Høines)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. okt. 2017 12:30

I periodar er det tett mellom kandidatane til «årets parkering» i Os.

Den vi fekk tilsendt i dag var ikkje så dum, berre uheldig, og litt komisk.

Verken vi eller innsendar veit om bilen var på veg til eller frå biblioteket - men bildet sette sving i «Fredagspoeten» sitt tastatur:

Å låna bøker gratis, er det inga hake?
Brått får du varsel, no må boka tilbake.
Du vil ikkje ha purring, eller 10 kroner i bot.
Tar fri frå jobben, klager på ein vond fot.

I næringsparken er parkeringsplassen god
sjølv om dei no også baderom vil selja.
Det er så mange ledige plassar
at det nesten er umogleg å velja.

Du bestemmer deg for den lengst vekke,
det kjentes som om framhjulet skulle sprekke.
Å køyra bil utan å ta det så nøye,
kan føra til at andre får det litt løye.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.