Kultur | 05. okt. 2012

Ekstra med damene

Marit Woldseter, Lisa Tønne og Cecilie Steinmann Neess set opp ekstraframsyning når dei vitjar Oseana 1. november.

Ekstra med damene
Cecilie Steinmann Neess, Marit Woldseter og Lisa Tønne set opp ekstraframsyning i Oseana (foto: Stand Up Norge)
Andris Hamrefredag 05. okt. 2012 08:56

Cecilie Steinmann Neess vitja Oseana i sommar saman med Nils-Ingar Aadne og Jonna Støme. 1. november kjem ho tilbake, no saman med Marit Woldseter og Lisa Tønne.

- Framsyninga som er satt opp klokka 19 er no så godt som utseldt.

- Vi har difor bestemt oss for å sette opp ei ekstra framsyning klokka 21.30, fortel Rune Viken i Stand Up Norge.

Damens aften, ikkje berre for damer

Viken lovar på vegne av dei tre komikerane to forrykande show som vil gje Os latterlege lysglimt i haustmørket.

- Dei tre damene er tre av landets beste kvinnelege komikarar.

- Det vil bli både musikk, parodiar, elleville karakterar og stand-up av ypperste klasse lovar, Viken som presiserar at sjølv om showet heiter Damenes lattergalla, så er menn like velkomen som publikum.

- Det er på scena det er damenes aften, skyt kulturhusvert Janne Mari Hjelle inn.

Stas for huset

Hjelle legg ikkje skjul på at ho synest det er stas at dei tre dyktige komikarane vel å settje opp ei ekstra framsyning i Oseana.

- Vi hadde det veldig kjekt då Ceilie og gutane vitja oss i sommar.

- Eg reknar med at vi får det like kjekt no, slår Hjelle fast.

Billettsalet på ekstraframsyninga opnar onsdag 10. oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.