Kultur | 25. nov. 2011

Ekstraframsyning og 3D

Desembergata 24 er nesten utseld. No blir det ekstraframsyning. Men først, Blåfjell i 3D med spesialbrillar.

Ekstraframsyning og 3D
Andris Hamrefredag 25. nov. 2011 11:41

Os Revy og Teaterlag set 15. desember opp «Desembergata 24» i Oseana. Det som opprinneleg var tenkt som ei framsyning har no blitt to.

- Billettsalet til den første framsyninga har vore så fantastisk at ho er nesten utseld.

- Difor sett vi no opp ei framsyning til klokka 1930 den 15., fortel Linda Andersen.

Andersen som er primus motor i Os Revy og Teaterlag fortel at både små og store skodespelarar gler seg stort til å få entre den store scena i Oseanasalen.

- Det blir ei kjempeoppleving for oss alle. Det å få spele i Oseanasalen er stort, strålar Andersen.

Blåfjell med spesielle 3D-brille

Før dei lokale skodespelarane i Desembergata 24 slepp til på scena kjem bygdekinoen med «Jul i Blåfjell - Jakten på det magiske hornet».

Filmen er den første heilaftens spelefilm som er laga i 3D i Noreg. Det blir òg første gong ein 3D-film blir vist på Bygdekinoen i Oseana.

På grunn av at Bygdekinoen har eit 3D- system som treng spesielle 3D- briller, blir det kun lagt ut 240 billettar til kvar framsyning.

- Bygdekinoen brukar ikkje same 3D- systemet som til dømes Bergen Kino nyttar, forklarar kinomaskinist Jonny Haugland.

- Ein må nytte spesielle 3D- briller med batteri, og Bygdekinoen har berre litt over 240 slike briller. Det blir difor berre lagt ut 240 billettar, slik at vi skal ha nokre få briller i reserve dersom nokon skulle vise seg å ikkje fungere, forklarar Haugland. Han understrekar at 3D- briller som ein til dømes får kjøpt på Bergen Kino, ikkje vil fungere på denne filmen.

- Alle får utdelt Bygdekinoen sine 3D- briller når dei går inn i Oseanasalen, og desse må leverast inn att når ein forlet salen.

På grunn av det avgrensa antalet billettar som blir lagde ut for sal, er det sett opp tre framsyningar klokka 14, 16 og 18.

Billettar til Desembergata 24 og Jul i Blåfjell kan kjøpast i resepsjonen i Oseana. Merk at billettsalet til filmen først opnar tysdag 29. november.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.