Ekte hattrick av Kleivedalen
Lysekloster leia 4-0 før Fyllingsdalen skåra.
Måndag spelte Lysekloster sin siste treningskamp før NM-kvalik mot Os førstekomande laurdag.
Motstandar var Fyllingsdalen, som har lag både i 2. divisjon og 3. divisjon.
– Eg vil tru det var eit Fyllingsdalen 2, styrka med ein del frå A-troppen, vi møtte i dag, seier trenar Torbjørn Birkelund.
Fyllingsdalen - Lysekloster 3-4 (0-3)
Målskårarar, Lysekloster: Kim Kleivedalen 3, Sindre Jacob Råheim
– Vi klarte oss bra, spesielt i starten, og leia 4-0 før Fyllingsdalen byrja å skåra.
– Det var dessutan kjekt å sjå Kim i skikkeleg skåringsform, han sette inn eit ekte hattrick i dag.
Såg raudt
Litt ampert blei det også, spesielt hos motstandarane, som ifølgje Birkelund var heldige då dei sleppte unna med gult kort for å sparka ein Lysekloster-spelar rett framfor nasa på linjemann.
Seinare i kampen fekk ein annan spelar direkte raudt.
– Eg er nøgd med at våre eigne spelarar heldt hovudet kaldt mens motstandarane hissa seg opp. Så fekk vi trent på det òg, seier Lysekloster-trenaren.