Elevar fann opp «lusemaskin»
Rektor i Øyane er glad for at skulen no er fri for lus.


Artikkelen er skriven av 2. trinn ved Søre Øyane barneskule:
2. trinn har funne opp ei lusemaskin. Den plukkar lus frå hår og skjegg. Rektor er glad for oppfinninga, skriv 2. trinn på skulen si heimeside.
Mange fekk lus på Søre Øyane skule. Alle ville ha vekk lusa fordi den klødde og var så plagsom.
2. trinn og Hildbjørg reiste til Dyreparken i Kristiansand. Det tok 7 timar!
Dei fekk låne 12 apekattar frå Dyreparken.
Bestefar til Arne T. køyrde apekattane med traktor og tilhengar tilbake til Øyane. Elevane passa på kvar sin apekatt på heimturen.
Apekattane fekk luska alle elevane i håret. Dei måtte stå fint i kø slik at apekattane fekk sjekka alle. Dei fant masse lus som dei åt opp!
Bestefar til Arne T. køyrde apekattane tilbake til Dyreparken i Kristiansand. Dei var stappmette og sov heile vegen.
Rektor var veldig nøgd fordi det vart lusfri Søre Øyane skule!
– Flinke 7-åringar
Artikkelen elevane har skrive er «ikkje basert på særleg grad av faktiske hendingar».
– Vi er innom ulike sjangrar, og allereie i første økt om nyhendeartiklar lagde elevane i fellesskap denne artikkelen, fortel kontaktlærar Hildbjørg Kopperud.
– Dei får læra om desse sjangrane i veldig ung alder, men eg ser av klassar eg har hatt tidlegare at dette med forma på nyhendeartiklar er noko dei hugsar. Det ser òg ut som om dei synest det er kjekt.