Lokal | 14. sep. 2012

Elevar i slåstkamp

Politiet rykte fredag ut til slåstkamp på ein skule i Os.

Elevar i slåstkamp
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. sep. 2012 14:52

Fredag i 13-tida fekk politiet melding om slåsting mellom to elevar ved ein vidaregåande skule.

– To gutar i 15-16-årsalderen slåst med kvarandre, men det hadde roa seg då vi kom fram, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Ingen av dei to vil melda episoden.

– Skulen tar tak i saka. Det kan eventuelt bli snakk om ein runde i konfliktrådet, seier Hadler-Olsen.

Ufin i butikk

Nesten samtidig fekk politiet melding frå ein butikk i Os sentrum.

– Ein person hadde kome inn i butikken og vore ufin og høgrøysta. Vedkomande var vekke då vi kom fram og episoden blir ikkje meldt eller følgt opp frå vår side.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.