Elitekorps på opningsfest
Gamlekorpset til kommunaldirektør Karl Ole Midtbø, Krohnengen Brass Band, kjem til Oseana onsdag.


Krohnengen Brass Band, eit av Noregs fremste elitekorps, kjem til Os og Oseana.
– Det går ei rekkje koplingar frå Krohnengen Brass Band i Sandviken i Bergen til Os, heldigvis, for vi er veldig glade for at vi får vera med på denne opningsfesten, seier konfransier Fredrik Schmidt Fotland.
Gamalt og heilt nytt
KBB sin konsert onsdag kveld blir bindeleddet mellom Havfest, som har siste framsyning tysdag, og Osøren Blues & Jazzfestival, som tjuvstartar med Vamp-konsert torsdag.
Den «syngande og lett morosame» Fotland har sydd saman KBB-programmet, som består av marsjar, storbandlåtar, siste nytt fra den pågåande CD-innspelinga og gamle, gode perler.
Gjest frå Os
– Vi har med oss vår eigen sjefsdirigent, Gary Peterson, men er også glad for at vi får med oss tidlegare dirigent, ein av Osbygda sine store søner, Karl Ole Midtbø, seier Fotland.
Kommunaldirektør og tidlegare kultursjef Midtbø stiller opp som gjestedirigent for KBB i morgon.