Flaum i Os 22 august 2012

Elv lagde kunstverk

Sjå video av elva som fossa frå Giljavegen til Mobergsvikjo. Også ein kjellar i Giljavegen blei fylt med vatn.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Nedbørsmengdene onsdag skapte store skader fleire plassar i Os sentrum, men også litt utanfor sentrumskjerna.

I Giljavegen blei ein bekk til ei elv som rann ned til Mobergsvikjo og farga fjorden brun.

I dag har asfalten tydelege spor, som små vulkanar, etter alt vatnet.

– Det kom også vatn inn i ein bustad. Vatnet sto midt opp på kjellardøra i ein bustad, fortel Svein Rune Frantzen frå Os brannvesen.

På innsida sto vatnet opp til over terskelen i den innreia kjellaren. Brannvesenet kom med pumpe, i dag er nokforsikringsselskapet på plass.

VIDEO: Sjå elva som rann ned frå Giljavegen og ut i Vikjo onsdag kveld. (Lesarfoto: Kristin S. Horneland)

 

Fleire saker