Sport | 12. jan. 2019

EM Allround: Tok 3. plass på 5000-meteren

Sverre Lunde Pedersen gjekk i par mot Sven Kramer, som ser ut til å vera tilbake til gamal form.

EM Allround: Tok 3. plass på 5000-meteren
Sverre Lunde Pedersen. (Arkivfoto: Douwe Bijlsma)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. jan. 2019 16:31

Denne helga går EM Allround og sprint-EM av stabelen utandørs i den italienske byen Collalbo.

Dei norske sprinterane er i slag, og Noreg har for første gong kome seg på pallen i eit sprint-EM, og det med heile to utøvarar.

Håvard Holmefjord Lorentzen tok sølv mens Henrik Fagerli Rukke fekk gjennombrotet sitt og tok bronse bak vinnar Kai Verbij.

Sverre Lunde Pedersen har òg gått 500 meter.

Resultat, 500 meter allround:
1. plass Haralds Slovs (Latvia) 36,339
2. plass Håvard Bøkko 36,365
3. plass Sverre Lunde Pedersen 36,420
Sven Kramer på 6. plass 36,690
Sindre Henriksen 7. plass 36,984

I dag sto 5000 meter på programmet, og Sverre gjekk i nest siste par mot Sven Kramer. Sverre har slått Sven Kramer berre éin gong før, og aldri i samløp. Heller ikkje i dag blei det siger.

Kramer opna noko hardt og drog Lunde Pedersen med seg. Patrick Roest hadde i paret før gått inn på sterke 6.18,21, og etter to minutt låg Kramer og Lunde Pedersen på 1. og 3. plass. Sverre såg ut til å slita mot slutten, men kom i mål på nesten 6 sekund betre tid enn russiske Danila Semerikov på 4. plass.

Resultat, 5000 meter:
1. Sven Kramer 6.17,66
2. Patrick Roest 6.18,22
3. Sverre Lunde Pedersen 6.20,59
Håvard Bøkko hamna på 6. plass, Sindre Henriksen på 14. plass.

Søndag står 1.500 meter og 10.000 meter for tur.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.