F.v.: Emilie Askvik Bøe, Anne Fjeldstad og Madelen Holme frå Os er til finalen med Gneist. (Privat foto)

Emilie, Anne og Madelen til finalen i Dana Cup

Tre jenter frå Os sto med 32-0 i målforskjell med Gneist før dagens semifinale blei avgjort på straffekonk.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Gneist jenter 17 vann 11-0, 3-0 og 10-0 i innleiande rundar og heldt fram med 5-0 og 3-0 i A-sluttspelet i Dana Cup.

Keeper Emilie Askvik Bøe frå Nore Neset heldt buret reint i fem kampar før dagens semifinale.

Både Anne Fjeldstad frå Os og tre år yngre (!) Madelen Holme frå Lysefjorden speler for Gneist og har begge skote seg inn på scoringslista i turneringa.

Les òg: Madelen tatt ut på øvste nivå

Låg under 0-2

Dagens semifinale gjekk mot Molde, og her kom dei første baklengsmåla i Danmark.

Molde leia 2-0 før Gneist henta seg opp igjen.

2-2 blei ståande til ordinær tid var ute og 2 x 5 minutt med ekstraomgangar blei spelt utan skåring.

Dermed gjekk kampen om finaleplassen vidare til straffespark-konkurranse.

Emilie redda straffe

I straffekonken hadde Molde eit skot over mål i tillegg til at Emilie hadde ei redning.

Gneist vann det dramatiske oppgjeret 6-5!

Finalen går mot tyske Baccum klokka 19 i kveld. Baccum vann sin semifinale 1-0 over svenske Västerås.

 

Fleire saker