Emilie Christensen, som har trådd sine barne- og ungdomshandballsko i Oshallen, er klar for Larvik HK (privat foto)

Emilie til Larvik HK

Emilie Christensen er klar for eitt av verdas beste klubblag og norsk kvinnehandball sitt flaggskip gjennom mange år; Larvik HK.

Av: Andris Hamre

Østlands-posten melder i dag at tidlegare Os-spelar Emilie Christensen (23) går frå Glassverket til Larvik. Overgangen er stadfesta av dagleg leiar i Larvik HK, Bjørn Bjune.

Ho skal i første omgang har skrive under for eitt år, med moglegheit for forlengelse.

Christensen har denne sesongen vore sentral på Glassverket som playmaker og kaptein både i heimleg serie og i Champions Leauge og Europacupen. Glassverket sikra søndag kveld bronsen i serien etter å ha spelt 27-27 mot Oppsal i ein kamp Christensen viste storform og blei toppskårar med åtte mål.

Glassverket har denne sesongen slitt med økonomien og fristilte tidlegare i vår alle spelarane.

Suverene seriemeistrar

Larvik har i ei årrekke vore det suverene laget i norsk kvinnehandball og vann for vel ei veke sida sitt 19. seriemeisterskap. Klubben er òg regjerande noregsmeister. Før dei tapte mot Vipers i den same kampen som dei fekk gullmedaljane utdelt, hadde ikkje laget tapt ein heimekamp på over 18 år.

– Ho har vore ein av dei absolutt beste spelarane i ligaen denne sesongen, og ho presterte også godt i Glassverket sine internasjonale kampar. Ho er spilleklok, og både god og sterk individuelt. Eg er veldig godt nøgd med å ha Emilie på plass, eier Larvik-trenar Tor Odvar Moen til Østlands-posten.

Fleire av dei sentrale spelarane i Larvik, som Anja og Gro Hammerseng-Edin, Amanda Kurtovic og Marit Malm Frafjord i klubben har vald å legga opp, eller går til klubbar i utlandet etter denne sesongen.

Christensen er den tredje spelaren Larvik henter på kort tid.

Fleire saker