Lokal | 24. nov. 2009

Endelausemarka neste

I førre veke starta anbodskonkurransen, og Statens vegvesen førebur seg ved å ta nye målingar i fleire veker framover.

Endelausemarka neste
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 24. nov. 2009 13:01


I førre veke starta anbodskonkurransen på både grunnvassbrønner og overvaking, og sjølve prosjekteringstenestene. Dette kjem samla til å ligga i eit prisleie på rundt 30 millionar kroner (5 + 25). Vegvesenet tar likevel ein del av jobben.

I dag var vegvesenet saman med NorConsult for å måla djupna i Svegatjørn.

- Vi skal skaffa nokre grunnlagsdata på førehand og gjer derfor geologiske og geotekniske undersøkingar.

- I tillegg skal vi laga betre kartgrunnlag til dei som får oppdraget med prosjektering, seier prosjektleiar Arne Eltvik frå Statens vegvesen.

Arbeidet ved Svegatjørn kjem til å halda fram i nokre veker før vegvesenet flyttar på seg for å gjera målingar i Endelausemarka, seinare skal dei til Rådalskrysset.

- Det førebuande arbeidet held fram til eit stykke ut i januar, opplyser Eltvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.