Lokal | 27. mars 2012

– Endeleg "byggestart"

E39 Svegatjørn - Rådal: Første fysiske inngrep blei riving av huset til Magne Vaktdal.

– Endeleg "byggestart"
Huset ved Svegatjørn, som blei selt til vegvesenet i 2007, blir i dag rive. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. mars 2012 10:10

– Eg var på plassen i dag tidleg, eg måtte få med meg første fysiske inngrep i det som blir ny veg til Bergen, seier lokalpolitikar og leiar for samferdsleutvalet på fylkestinget, Gustav Bahus (Frp).

I går starta førebuingane, i dag går arbeidet for fullt med riving og sortering av materialar frå huset Magne Vaktdal har selt til vegvesenet.

– Litt vemodig er det, men eg har fått meg eit fint hus i Sollia, så det går greit, seier Magne, som overtok faren sin barndomsheim etter bestefar Harald Vaktdal.

Magne var saman med Gustav på tomta då rivinga starta tysdag morgon.

Måtte ikkje selja

Huset blei bygd av Harald Vaktdal i 1931-1932, på ei lita tomt skilt ut frå garden som eig området. Magne kjøpte huset midt på 90-talet og budde der i cirka 10 år.

– Eg har sjølvsagt mange fine minne frå huset, frå då eg var hos besteforeldra mine då eg var ung og frå tida eg sjølv budde der.

– Men eg måtte ikkje selja. Vegvesenet gav meg valet, selja til takst eller bu der vidare. Huset står ikkje i vegen for den komande tunnelen, men vegvesenet ville helst ikkje ha hus så nær tunnelinnslaget, fortel Vaktdal.

Magne selte huset i 2007. Den gong var det snakk om byggestart på Svegatjørn-Rådal noko tidlegare.

To-tre dagar med riving

Det er AF Decom som har oppdraget med riving for vegvesenet. Maskinfører Ole Fuhr fortel at det er sorteringa som tar mest tid.

– Materialar, isolasjon, gips og skifer, ikkje alt skal same plass, så eg må plukka frå kvarandre det eg riv av huset, seier Fuhr.

Mangel på nok kontainarar gjer at det tar litt ekstra tid.

– Eg blir ikkje ferdig i dag, men kanskje onsdag eller torsdag. Det blei sjølvsagt gjort ein del på førehand og, blant anna med å ta ut vindauge.

Neste fysiske inngrep blir nok starten på anleggsvegen mellom Åsen og Endelausemarka, som Os kommune nyleg fekk forskotterte midlar til av fylkestinget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.