Næringsliv | 09. juni 2010

- Endeleg over!

Men BiR følgjer ordinær rute når dei no går tilbake til å henta restavfall igjen, og gjenvinningsstasjonane ventar med å opna.

- Endeleg over!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. juni 2010 19:22

Onsdag var streiken som involverte dei tilsette ved energianlegget i Rådal over.

Hushaldningar kan igjen setja fram restavfallet til henting, men BiR tar ikkje unna alt den første dagen, altså torsdag. Dei som har ordinær dag for tømming måndag, tysdag eller onsdag må venta til neste veke.

Dei som har samla restavfall i sekkar kan setja desse fram også (dei treng ikkje vera av spesiell type, som ved jul, påske eller andre fridagar).

Tømminga byrjar torsdag morgon. Også dei som har tømming annakvar veke kan setja fram spannet sitt denne veka, skriv BiR i ei pressemelding.

Stasjonane ventar
Har du planar om ein stor kaste-dag må du venta nokre dagar ekstra.

Sidan Rådal prioriterer hushaldningar og næringskundar framfor gjenvinningsstasjonar opnar ikkje desse før over helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.