– Endeleg regn!
Etter ein tørr vinter blei det hektisk på Osbadet då regnet i går piska på vindauga.


– Uansett kva vêr det er så synest eg det er fint, seier dagleg leiar på Osbadet, Leif Gunnar Borgen.
Privat gler han seg over solskin, på jobben veit han at surt vêr betyr gode tal. Og sånn blei det i går.
– I går hadde vi over 700 badande gjestar, det blei årets 3. beste dag.
Rekorden er på over 830, men også i går måtte badevertane sleppa inn gjestar i puljer.
Kø-ordning store delar av dagen
– Det har med tryggleik i bassenget og røming i tilfelle brann å gjera. Vi held oss lågare enn maksgrensene og justerer litt ut frå kor mange småungar som er inne, og kor godt gjestane spreier seg i anlegget.
Når det er 200 til 250 gjestar inne deler badevertane ut kølapp og slepp inn etter kvart som folk kjem ut.
Nokre dagar er det jamt med folk i alle bassenga, andre dagar sum gjestane tett i det varme terapibassenget.
Jamn bruk av nytt solstudio
I vinter utvida Osbadet med fem nye solarium i eige solsenter på hjørnet ut mot parkeringsplassen.
– Vi har fått fine tilbakemeldingar og solsenteret har hatt jamt med besøk.
– Vi er spent på dette året, og på sommaren og kva som blir høg- og lågsesong. Også her speler nok vêret mykje inn.
– Mange seier dei set pris på å ha solsenter som er betjent, noko det blir diskutert om det skal koma krav om, seier Borgen.