Kultur | 26. jan. 2018

Endre Nordvik til Osfest

Sotra-artist klar for Osfest-laurdagen.

Endre Nordvik til Osfest
Endre Nordvik speler på Osfest laurdag (pressefoto)
Andris Hamrefredag 26. jan. 2018 09:01

Osfest ønskjer å gje lokale artister moglegheiten på scenen. I fjor var det Testpilot, Kream, Majorleap og Mighty Magnolias.

No er den første av dei lokale artistane klar.

– Lovande Endre Nordvik er i starten på karriera og speler i bandet til Kurt Nilsen. Vi gler oss til konserten med Endre på Osfest-laurdagen, seier Tor Egil Hylland.

Ute med album

Endre Nordvik (24) er frå Sotra og er ute med debutalbumet «Suburb Hero».

– Den fengjande singelen «I'm In love Eith You» har allereie seks millionar avspelingar på Spotify. Han har skrive fleire låter saman med Kurt Nilsen og på låta «Let The Good Times In» syng dei òg saman, fortel Hylland.

I BT får albumet fire av seks hjarter. Plata blir kategorisert som pop/folk.

– 24 år gamle Endre Nordvik frå Sotra er berre i startgropa på karrieren sin, men låtskrivertalentet har allereie gjort seg bemerka for sine melodiar og myke, varme stemme, skriv musikkanmeldar Petter Lønningen i BT.

Desse artistane er klare for Osfest

Fredag: Stavangerkameratene

Lørdag: Endre Nordvik, Morten Abel, Staut

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.