Kultur | 23. jan. 2017

Energisk Sondre

Video: Det blei akkurat så eksplosivt og svett som Sondre Lerche hadde lova då han starta verdsturneen i Oseana laurdag.

Andris Hamremandag 23. jan. 2017 08:58

Bildeserie:

Miss Tati var spesial guest og varma opp for Lerche (foto: Andris Hamre)
Miss Tati var spesial guest og varma opp for Lerche (foto: Andris Hamre)
Sondre Lerche leverte som lova (foto: Andris Hamre)
Sondre Lerche leverte som lova (foto: Andris Hamre)
1 av 2
Miss Tati var spesial guest og varma opp for Lerche (foto: Andris Hamre)
Sondre Lerche leverte som lova (foto: Andris Hamre)

Laurdag kveld starta trekvart år på vegen for Sondre Lerche i det som blir hans hittil største Noregsturné før han reiser over dammen til USA og vidare rundt i verda.

Før konserten lovde Lerche at dei skulle invitera til fest og ei eksplosiv forestilling.

– Dette har vi gledd oss til i månadsvis, helsa Lerche då han gjekk på scenen, for første gang på 20 år på Os.

Og Lerche heldt ord. Saman med det tre mann store bandet var det trøkk frå første tone, for eit litt tynt publikum. Berre 250 hadde funne vegen til turnéstarten, men dei som var der fekk ein kveld med trøkk.

God kombinasjon

Sondre Lerche har med seg Miss Tati som spesial guest på turneen. Eit særs godt val. Miss Tati med to dansarar fekk opp stemningen og viste at ho er ein strålande artist med sin funky soul-pop.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.