Lokal | 27. apr. 2012

Engasjert i politikken

Fredagsportrettet: Ina Rotnes (17) har lenge hatt interesse for politikk. Nylig ble ho formann i Os FPU. Draumen hennar er å ein gong bli kunnskapsminister.

Engasjert i politikken
Ina Rotnes er formann i Os FpU (foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. apr. 2012 15:19

Tekst: Susann Heggland og Fredrik Rikstad, studentar utplassert hos Midtsiden.

Ina Rotnes er formann i Os FPU, og i tillegg styremedlem i Hordaland FPU. Ho byrja tidleg å engasjere seg for politikken, og det er mykje som skal til for å få ho til å slutta. Vi tok oss ein prat med den unge politikaren.

- Kor i verda vil du helst bu?

- Eg kunne godt tenka meg å bu i ei storby som London. Dilemmaet er at eg ikkje kan driva aktivt med politikk i utlandet i så stor grad som eg kan i mitt eiga heimland. I Noreg kan eg ikkje tenkte meg å bu andre steder enn på Vestlandet.

- Når var sist gong nokon gjorde deg glad?

- Seinast i dag, då eg fekk eit kompliment av venninna mi Ilana. Det skal ikkje mykje til for å gjera meg glad.

- Viss du hadde vunnen ein million, kva hadde pengane gått til?

- Eg ville spart ein god del, og levd på pengane mens eg studerer slik at eg slapp å ta store studielån. Eg ville naturlegvis også tatt meg ein ferie, helst til USA.

- Når vi er inne på ferie, kva skal du i sommarferien?

- Eg skal to veker i Essex i England med familien, inkludert ein del shoppingturar til London. I august har eg planar om å dra på FpU sin sommarleir i Skottevik.

- Kva er din største draum?

- Den absolutt største draumen er å bli kunnskapsminister. Elles har eg ambisjonar om å vitje alle kontinenta i verda. Noko som eg er halvvegs i gang med.

- Nemn tre ting du ville du hatt med deg viss du var stranda på en aude øy?

- Då ville eg tatt med meg ein båt, eit kompass og eit kart.

- Kva er du sterk og svak i?

Min største styrke er at eg står for kva eg meiner og at eg er svært engasjert. Eg antar at det eg er svakast i er at eg kan bli litt for sta til tidar, spesielt i debattsituasjonar.

- Kva liker du best å gjere på fritida?

- Om vi ser bort frå politikken, liker eg generelt sett å drive med det ei vanleg 17 år gammal jente liker. I tillegg er eg veldig glad i å lesa. Akkurat no for tida les eg Trekkoppfuglen av Haruki Murakami.

- Når byrja du å interessa deg for politikk?

- I ung alder var eg alltid nysgjerrig på kva dei vaksne stemte og kvifor dei stemte på dei konkrete partia. Men det var i valet 2005 eg ble skikkeleg interessert i politikk.

- Eg huskar ikkje så mykje frå den tida, men eg var sterkt i mot dei sosialistiske partia og haldt meg alltid på den borgarlege sida. Då eg fylde 14 meldte eg meg inn i FpU, og har vært engasjert sida.

- Kva er dine verv i politikken?

- Eg ble nyleg konstituert formann i Os FpU, og sit også som styremedlem i Hordaland FpU. I tillegg er eg med i både Hordaland FpU og Hordaland FrP sine talentutviklingsprogram.

- Korleis ser den politiske framtida din ut?

- Det skal svært mykje til for at eg gir meg med politikk. Dette er noe eg satsar svært hardt på, så man skal ikkje sjå bort i frå at eg blir yrkespolitikar.

- Kva saker brenn du for?

- Min største hjartesakar er innan skulepolitikken.

- Det norske skulesystemet har behov for ei radikal endring. Den sosialdemokratiske einhetsskulen baserer seg på ein gjennomsnittselev som ikkje eksisterar, noko som fører til at dei flinkaste elevane ikkje blir utfordra og dei mindre flinke fell av.

- For å hindra dette burde ein innføra eit undervisningsopplegg som er tilpassa den enkelte elev. FpU er for meir valfag på ungdomsskulen og innanfor studiespesialiserande liner, samt mindre teori og meir praksis i yrkesfaga.

- Kor sterkt trur du ditt parti blir ved neste val?

- Vi har hatt ei solid auke i oppslutninga den siste tida, og håper naturlegvis den fortsett. Eg har store forhåpningar til ein borgerleg regjering med FrP.

- Korleis er det å vera leiar for eit lokallag når ein er så ung som du er?

- Min unge alder har aldri vore noko hinder for meg i politikken. Tross for at eg får mindre fritid, trives eg veldig med jobben som formann. Det er både gøy og utfordrande, og eg kunne ikkje tenkt meg å drive med noko anna, avsluttar Ina Rotnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.