Næringsliv | 03. mai 2011

Engeline får skjenka

I dag fekk Kafé Engeline skjenkeløyve, til helga blir det opning.

Engeline får skjenka
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. mai 2011 20:44

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 5
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Kafé Engeline i Brugata, som har vore under bygging sidan februar, har endeleg fått opningsdatoen klar.

– Vi skal ha ein tjuvstart med gjengen frå Café Club Intim torsdag kveld, fredag blir siste finpuss og laurdag opnar vi, seier søstrene Dagrun Fjellbakk og Borghild Strønen.

Kafeen er innreia, kjøkkenutstyret er på plass, peisen er montert og ny terrasse er bygd på utsida mot elva.

No gjenstår montering av disk ute i kafélokalet og litt småplukk.

Tysdag gjekk formannskapet inn for å gje skjenkeløyve til den nye kafeen.

Vedtaket blei fatta mot éi stemme (Krf, som stemte i tråd med NAV si innstilling på prinsipielt grunnlag).

Engeline får skjenka både øl, vin og brennevin, inne og utandørs, frå klokka 12 til midnatt (til klokka 23 utandørs, til eitt om natta fredag og laurdag, om dei vil).

– Vi kjem ikkje til å ha ope så seint om kvelden og datoen for opning var ikkje avhengig av skjenkeløyvet, presiserer Dagrun.

Kafé Engeline kjem til å ha ope frå morgon til rundt barnetv-tid i vekedagene, i tillegg blir det ope laurdagar.

Dagrun kjem til å jobba fulltid ved kafeen, med seg får ho fire deltidstilsette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.