Lokal | 31. aug. 2014

- Enorm gjevarglede

BILDESERIE: For andre år på rad klarte ungdomar i Øyane å fylla skuleplassen med folk då dei inviterte til Redd Barna cup.

- Enorm gjevarglede
Grilling av pinnebrød i "Besto sitt hjørna" på Redd Barna cup. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandsundag 31. aug. 2014 09:15

Bildeserie:

Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Speaker Geir Magne Johnsen og Hans-Marius Johnsen sørga for god stemning med "Radio Redd Barna" og livemusikk. (Foto: KML)
Speaker Geir Magne Johnsen og Hans-Marius Johnsen sørga for god stemning med "Radio Redd Barna" og livemusikk. (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Hoppeborga var veldig populær (Foto: KML)
Hoppeborga var veldig populær (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Lerøy sponsa både laks og grillkokkar til cupen. (Foto: KML)
Lerøy sponsa både laks og grillkokkar til cupen. (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Redd Barna cup (Foto: KML)
Ein gjeng som har god grunn til å vera stolte. Hovudarrangørar frå v: Marius, Karoline, Tommy, Iselin og Leon. (Foto: KML)
Ein gjeng som har god grunn til å vera stolte. Hovudarrangørar frå v: Marius, Karoline, Tommy, Iselin og Leon. (Foto: KML)
1 av 14

Laurdag gjentok dei engasjerte ungdomane i Øyane suksessen frå i fjor og arrangerte aktivitetsdagen og familiefesten Redd Barna Cup.

Sjå video og bildeserie frå cupen i 2013.

– I år var det mykje lettare å arrangera, vi er betre organisert og alt har gått på skjener, fortel Tommy Aasen.

Saman med ungdomane Marius Aasen, Karoline Sørstrønen, Iselin Møller og Leon Borgen er han hovudarrangør for cupen, mens IL Øyglimt og frivillige i lokalsamfunnet er viktige samarbeidspartnarar.

Ny folkefest

22 lag stilte opp på barnefotballcup, mens 10 lag med ungdomar og vaksne var med på gatecup og sandvolleyballcup for vaksne.

I tillegg kunne borna boltra seg gratis i hoppeborg, grilla pinnebrød eller perla i "Besto sitt hjørna", prøva å vinna premiar i lykkehjulet og nyta grilla laks frå Lerøy eller bakst frå kiosken og saniteten.

Nok ein gong klarte ungdomane saman med sine gode hjelparar å laga folkefest i Øyane. Og med musikken rungande ut av høgtalarane frå «Radio Redd Barna», med speaker Geir Magne Johnsen i spissen, og livekonsert frå blant anna Hans-Marius Johnsen, blei det høg stemning blant store og små.

Merka badeutfordringa

Med auka sponsorinntekter har arrangørane klart å dekka alle utgifter sjølv, og heile cupen har vore gratis å melda seg på.

– Dugnadsinnsatsen har vore stor, og sponsorar har det ikkje vore vanskeleg å få med på laget, seier ein takksam Tommy.

– Gjevargleda har vore enorm, både blant bedriftar og private, og vi fekk også inn ein del penger då hopp-i-havet-utfordringa gjekk sin gang på Facebook, fortel Tommy.

Spesielt arrangement

Arrangørane er nøgde med oppmøtet på cupen. Foreldre, søsken, besteforeldre og vener stilte mannsterkt opp.

- Og det er ekstra kjekt at folk som ikkje hadde noko med fotballen å gjer også kom, for det er det vi ønskjer at arrangementet skal vera for alle.

At all inntjening frå cupen går til Redd Barna meiner Tommy skil denne cupen i frå andre cupar.

- Så vidt eg veit så er det den einaste Redd Barna cupen i Noreg, og så er det jo spesielt at det er ungdomar som står bak arrangementet.

-Trur vi bikkar 50.000 kroner

Det viktigste for Tommy og resten av gjengen, og grunnen til at dei har arrangementet er sjølvsagt å samle inn pengar til organisasjonen dei brenn for, Redd Barna.

- Vi har ikkje alle tala klare, men det kan sjå ut som me har fått inn over 50.000 kroner totalt, seier Tommy nøgd.

I fjor samla Redd Barna cupen inn 30.000 kroner som gjekk uavkorta til Redd Barna sitt arbeid.

- Vi skal ha evalueringsmøte før noko er bestemt sikkert, men eg trur nok at vi skal få til eit nytt arrangement til neste år óg, seier 16- åringen med det brennande engasjementet.

VINNARAR AV GATECUPEN:
Herrer: Bulkgjengen
Damer: Stjernegalleriet

VINNARAR AV VOLLEYBALLTURNERING:
Herrer: Bålhaugen, vel!
Damer: Høns med guns

BESTE UTKLEDNING, FOTBALL:
Mission Possible

BESTE UTKLEDNING, VOLLEYBALL:
Shalala

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.