Brygga har framleis landkontakt. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Er brygga på veg ut i Oselvo?

Os kommune har fått inn bekymringsmelding om handikapp-brygga i Landboden.

image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Varslar skriv i eit brev til kommunen at brygga er i dårlig forfatning og treng vedlikehald snarast.

Betong-brygga ser ut til å stå støtt på to pilarar ned i elva, men i bakkant har det vore mykje utvasking av massar slik at tilkomsten etterkvart har krympa.

Held dette fram vil brygga nok til slutt stå utan kontakt med land.  

Tilsyn og plan før helga

Tilsynsleiar samferdsel, Agnete Haugland fortel at dei allereie er på saka.

– Vi var sjølv på tilsyn der i går, og no ventar vi berre på at ein betongentrepenør skal leggja ein plan for vedlikehaldet. 

– Dette vert fiksa, og det skal nok ikkje ta lange tida. Fram til det får vi oppmoda om varsemd om ein skal nytta brygga, avsluttar Haugland. 

Fleire saker