Er det ingen som saknar denne?
Eit nabolag og andre dyrevenar har engasjert seg for å skaffa heim til denne katten. Men først må han fangast.
Ein katt som er tydeleg prega av ikkje å ha ein heim, har engasjert eit nabolag i Kvernhusrenen.
Ifølgje ein Midtsiden-lesar har katten gått rundt i området i lengre tid, truleg nokre månadar.
– Den ser sjuk ut og fleire fryktar at den kan smitta andre husdyr, seier Aleksander Haukås, som har etterlyst eigar via facebook.
Andre dyrevenar so har kommentert bildet av katten har engasjert seg, kontakta ulike organisasjonar og skaffa fosterheim til katten.
Men først må den fangast – og nabolaget ber no folk på og rundt Halhjem om å varsla via facebook om dei ser katten.
Dei håper også at nokon kan bidra med ei kattefelle.