Sport | 15. juni 2017

Er dette sesongens første?

Terje Kopperud fekk to laks på to timar, Monica Lund fekk fisk før halvtimen etter startskotet var gått.

Er dette sesongens første?
Terje Kopperud tok to laks i Lundetræ i natt (t.v.), Monica Lund fekk laks i Spannstegen klokka 00.29. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. juni 2017 06:59

Midtsiden var i nedre del av Oselvo den første timen av årets fiske.

Her var forholda bra, men det blei inga rask landing av fisk i sone 1 eller 2.

• Les òg: Tam start på opningsnatta

Har du fått fisk? Send informasjon og bilde til tips@midtsiden.no/97975200

I morgontimane torsdag har to fiskarar rapportert til Midtsiden om fangst.

– Det gjekk raskt å få kvoten i Lundetræ i natt, fortel Terje Kopperud.

Han fekk to laks på to timar og var ferdig å fiska klokka 04.45.

Årets første tatt av Monica?

Mens Kopperud fiska frå Lundetræ/sone 5 sto Monica Lund i Spannstegen.

Her blei det fangst allereie klokka 00.29.

Fisken vog akkurat 3,0 kilo (og var dermed ein laks, ikkje ein tert).

Dette kan vera sesongens første (årets «Oskar»). Midtsiden har førebels ikkje fått tak i leiar for fiskeutvalet i Os Jakt og Fiskelag, Anders Kloven.

Midtsiden kjem tilbake med meir når fiskarane og fiskelaget har gjort opp rekneskapen for natta.

• Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.