– Er du frå Søfteland?
Søftelendingar og slåstkjempar på Essoen fekk gjennomgå då Ylvis besøkte Oseana fredag. Bård og Vegard Ylvisåker leverte som alltid.
Brørne Bård og Vegard Ylvisåker har lagt ut på ein liten førjulsturné med det kritikarroste showet Ylvis 4. Fredag besøkte dei Os med to fulle hus på Oseana.
- Det er sjeldan vi sel ei framsyning så raskt, fortalde arrangementssjef Berit Steen då billettane blei røska vekk i oktober.
Lokalkunnskap
At dei to brørne har vakse opp rett på andre sida av Vallaheiene var tydeleg i kveldens framsyning. Sjølv om det var eit standardisert show gutane kom med, hadde dei funne rom for lokale tilpassingar.
Her fekk søftelendingane ei ekstra forklaring på magiske triks.
- Å du er frå Søfteland, eg får ta det ein gong til då, smilte Vegard overberande frå scenekanten.
Også slagsmåla på Essoen var gutane innom.
- Essoen på Os må ha vore den første bensinstasjonen som fekk luke for å levera ut pylsene laurdagskvelden, meinte Ylvis.
Endeleg ein suksess blant ungdommen
Avtroppande direktør Kim Kristoffersen fekk med seg den siste framsyninga i si tid som direktør frå galleriet i storsalen.
- Det er litt vemodig, innrømma direktøren.
- Samstundes er det kjekt å sjå at vi endeleg har fått ei framsyning som fengjar ungdom, sa Kim Kristoffersen då han såg utover eit godt blanda publikum frå barnebarn til bestemor.