Lokal | 07. mai 2012

Er du klar for 17. mai?

Lars Atle Skorpen, Erik Tysse og Geir Magne Johnsen er blant dei som skal halda tale i år. Her er heile 17. maiprogrammet for Os og krinsane 2012.

Er du klar for 17. mai?
Dansarane til Patricia Langeland var blant dei som var på scenen på Kyrkjeflaten i fjor. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 07. mai 2012 11:44

Torsdag om ei dryg veke skal vi feira grunnlovsdagen igjen, for 198. gong.

Os held på tradisjonane og feiringa går stort sett etter same mal som åra før. I Os går toget frå ungdomsskulen gjennom sentrum, forbi posten og opp til Lurane, i Strøno er det som tidlegare år oppmøte i krysset ...

Vêret er det nok for tidleg å seia noko om. I fjor var det delvis skya fram til midten av underhaldinga på Kyrkjeflaten, då hølja det ned. I år er det meldt regn dagane i forkant fram til og med 15. mai, som i skrivande stund er så langt meldingane på YR.no går. Oppdatert langtidsvarsel finn du her.

17. mai i Os i 2011:
Sjå bildeseriar og videosnuttar frå feiringa i Os i fjor.

17. mai i Os i 2012:

Ifølgje programmet for Os er dette blant dei som skal halda tale i år:
• Terje Søviknes (Luranetunet kl 10)
• Laila Reiertsen (Minneparken kl 11)
• Lars Atle Skorpen (Kyrkjeflaten e. kl 12.15)
• Håvard Grøteide, russepresident (Kyrkjeflaten e. 12.15)
• Øystein Oen (Nore Neset e. kl 14.30)
• Geir Magne Johnsen (Øyane e. kl 11.30)
• Per Jordal (Lysekloster e. kl 13.00)
• Erik Tysse (Søfteland e. kl 12.00)

OS SENTRUM

kl 07.00 Os Musikkforening speler frå Finnebrekka.

kl 10.00 Arrangement på Luranetunet
Tale ved ordførar Terje Søviknes.
Kulturelt innslag ved Rebekka Sundøy Haldorsen.
Os Musikkforening speler.

kl 10.00 Høgtidsgudsteneste i Os kyrkje
Kapellan Geir Sakseid.
Kantor Andrew Holman.
Kongshaug Mannskor deltek.
Offer til Sjømannskyrkja.

kl 11.00 Minneparken
Tale ved stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen.
Kulturelt innslag ved Hildegunn Myre Dale.
Musikk ved Tom Nygård.

kl 11.30 Oppstilling prosesjonen på Os ungdomsskule
kl 11.45 Korpsa speler Ja vi elsker.
Folketoget går gjennom sentrum ut ved posten, sjukeheimen, retur via rundkjøringa, Rimi til Kyrkjeflaten.

kl 12.45 Arrangement på Kyrkjeflaten
(Musikk ved Os og Kuventræ skulekorps og Os Musikkforening)
Opning: Ja, vi elsker.
Utdeling av premie for stilgaste og morsomste innslag i prosesjonen.
Ord for dagen ved Os skule.
Song ved 1. klassetrinn Os skule.
Tale for dagen ved Lars Atle Skorpen.
Ossongen.
Join Us Band og Komfebandet underheld.
Tale ved russepresident Os Gymnas Håvard Grøteide.
Fagert er Landet.
Kl 13.45 Slutt.

Kl 17.00 Oseana
Osøren Jazzensemble m/Tone Linn Mjånes speler på utescene ved Oseana. Restaurant Færingen har eigen 17. mai-meny

Parkering på nedre skuleplass ved Os ungdomsskule. Salsbodene står ved Kyrkjetunet kl 11.00-14.00 v/Os Turn breddefotball. Kafe i Kyrkjetunet frå kl 11.00-14.00 ved Os & Kuventræ skulekorps.

OS SKULE

kl 14.00 - 16.00:
Aktivitetar og leikar for born på skuleplassen. Kafedrift i gymsal med sal av rømmegraut, betasuppe, kaffi, kaker hot dog, is, brus og vaflar.

KUVENTRÆ SKULE

kl 15.00 Frammøte og opningsord på skuleplassen. Os & Kuventræ skulekorps speler.
kl 15.15 Aktivitetsløype med mange postar Leikar for born og vaksne.
Kafe med sal av kaffi, kaker, brus og is.

HEGGLANDSDALEN

kl 13.45 Frammøte på skuleplassen
kl 14.00 Prosesjon går frå skuleplassen mot Dølatun
kl 14.45 Tale for dagen v/elevar i 7.klasse
kl 15.00 Kafe; Sal av betasuppe, hot-dog, kake, kaffi, brus, is, sukkerspinn, popcorn. Leikar og aktivitetar for born og voksne
Kl 16.00 Fotballkamp: 7. klasse mot føresette

SØRE NESET

kl 14.00 Salutt. Toget startar frå Halhjem kai. Søre Neset Musikklag speler.
kl 14.40 Opning: To vers av nasjonalsongen. Kor ved elevar frå Halhjem Barnetun.
kl 14.50 Tale for dagen ved elevar frå 7. klasse.
kl 15.00 Søre Neset Musikklag speler Ossongen og Gud signe vårt dyre fedreland.
kl 15.05 Aktivitetane og salet startar.
kl 16.35 Danseoppvisning ved dansegruppe frå klasse 6A.
kl 16.45 Premieutdeling på scenen.
kl 17.00 Slutt.

STRØNO

kl 10.45 Frammøte i Krysset
kl 11.00 Prosesjonen går til skulen. Musikk ved Nore Neset skulekorps. Tale for dagen ved 7. klasse. Sal av brus, is, pølser og rømmegraut.
kl 12.00 Leikar og natursti.
kl 13.30 Premieutdeling og trekking av loddbøker
kl 17.00 - 19.00 i Ungdomshuset Alvheim
Luftgeværskyting. pilkast m.m.
Kafeteria

NORE NESET

kl 14.00 Salutt: Prosesjonen går frå skulen over Skorvane og hovudvegen tilbake.
kl 14.30 Skulekorpset spelar. Oppvisning ved Drillkorpset.
Tale ved Øystein Oen.
kl 15.00 Leikar for born. Dersom det blir stygt vær vert delar av aktivitetane flytta inn. Sal av is, brus, pølser, rømmegraut, kaffi og kaker.
kl 16.30 Leikane vert avslutta.
kl 16.45 Premieutdeling.
kl 17.00 Slutt.

SØRE ØYANE

Kl 10.15 Toget stiller opp på snuplassen ved Sundøybrua.
Kl 10.28 Salutt.
Kl 10.30 Søre Neset Musikklag spelar opp og vi syng ”Ja, vi elsker”.
Toget startar og går mot Utgjerdet
kl 11.30 Toget kjem inn til Søre Øyane skule. Me samlast på fotballbanen. Vi syng ”Gud Signe vårt dyre fedreland”.
Tale for dagen ved Geir Magne Johnsen.
kl 12.00 Leikar og konkurransar for små og store. Sal av betasuppe, rømmegraut, pølser, kaffi, kaker , snop, is og brus.
kl 14.00 Premie utdeleing ogvandrepokal til årets beste 17. mai tog-klasse

LYSEKLOSTER

kl 13.00 Opning i Lysekloster ruinar
Deltaking av Lyshornet Brass, Lysekloster skule m.m.
Tale for dagen ved Per Jordal
kl 13.50 Folketoget går frå Lysekloster ruinar til Lysekloster skule.
kl 15.00 Arrangement på Lysekloster skule.
Underhaldning ved Lyshornet Brass og Lysekloster skule.
Sal av is, brus, smørbrød, kaker m.m.
Loddsal og fine gevinstar.
kl 16.30 Trekning av gevinstar.

Gratis buss til klosterruinane:
Frå Drange kl 12.00
Frå Åsen kl 12.30
Frå skulen kl 12.15, 12.45

SØFTELAND

kl 08.00 Musikken speler ved Urheim.
kl 10.45 Toget stiller opp ved Joker Mat.
kl 11.00 Toget går om Furuflaten til skulen.
kl 12.00 Søfteland Musikklag speler.
Tale for dagen ved Erik Tysse.
Borna underheld med song.
Tale av elevar i 7. klasse.
Premiering for beste innslag i toget.
kl 12.45 Kappspringing med premieutdeling for born under skulealder og 1.-7. klasse. Vi startar med de minste.
Aktivitetar for store og små.
Turnoppvisning.
Div. leikar og underhaldning.
kl 15.00 Premieutdeling og avslutning.
Sal av kaffi, brus, pølser, is og kaker. Aktivitetskort/Klippekort til aktivitetar kan ein få kjøpt i bodane, kr 100. Dersom dårleg vêr vert delar av aktivitetane flytta inn.

17. mai-komiteane ønskjer hjarteleg velkomen!

OS SONGEN

Det ligg ei bygd millom fjordar og fjell
den venaste nokon kan sjå.
den fagre bygdi me kjenner so vel,
og henne held me ut`å.
Me kjenner kvar gard og me kjenner kvar grend
og folket som bur der i dal og på strend.
For oss ligg den bygdi i strålande ljos,
for de er vår heimbygd - Os.

Vår heimbygd, du stend som den venaste brud,
med høgtidsbunaden på.
Gjev lukke i livet, du Allheims, Gud,
so framgang me stødt må sjå.
Gjev signing og sæle til bygdi vår,
so fagrar`ho blømer år etter år.
Lys fred over folket, og før du deim
på veg til din himmelheim (Nils Tveit)

JA, VI ELSKER

Ja, vi elsker dette landet
som det stiger frem,
furet, værbitt over vannet,
med de tusen hjem,
elsker, elsker det og tenker
på vår far og mor
:/: og den saganatt som senker
senker drømme på vår jord :/:

Ja, vi elsker dette landet,
som det stiger frem,
furet, værbitt over vannet,
med de tusen hjem.
Og som fedres kamp har hevet
det av nød til seir,
:/:også vi, når det blir krevet,
for dets fred slår leir.:/:

KONGESANGEN

Gud sign vår konge god!
Sign ham med kraft og mot,
sign hjem og slott!
Lys for ham med din Ånd
knytt med din sterke hånd
hellige troskapsbånd
om folk og drott!

GUD SIGNE VÅRT DYRE FEDRELAND

Gud signe vårt dyre fedreland,
og lat det som hagen bløma!
Lat lysa din fred frå fjell til strand,
og vetter for vårsol røma!
Lat folket som brøder saman bu,
som kristne det kann seg søma.

No er det i Noreg atter dag
med vårsol og song i skogen.
Um sædet enn gror på ymist lag,
det brydder då etter plogen.
So signe då Gud det gode såd,
til groren ein gong er mogen.

FAGERT ER LANDET

Fagert er landet du oss gav,
Herre vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader,
signar vårt land i nord og sud,
soleis di åsyn lyser Gud,
over vårt Noreg i nåde.

Tidi ho ren som elv mot os,
fort skifter sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los
radt til dei seinaste ætter
Herre vår Gud, vårt Noregs Gud,
varda vårt land frå fjrll til flu,
lær oss å gå dine vegar!

VI ERE EN NASJON VI MED

Vi ere en nasjon vi med
Vi små en alen lange
Et fedreland vi frydes ved
Og vi ere mange
Vårt hjerte vet vårt øye ser
Hvor godt og vakkert Norge er
Vår tunge kan en sang blant fler
Av Norges æressange

Mer grønt er gresset intet sted
Ner fullt av blomster vevet
Enn i det land hvor jeg tilfreds
Med far og mor har levet
Jeg vil det elske til min død
Ei bytte det hvor jeg er født
Om man et paradis meg bød
Av palmer oversvevet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.