Vêret i Os | 15. sep. 2022

Er du også lei dette vêret? Her kjem ei gladnyheit

Det er meldt tørre dagar og sol framover, men det er sendt ut farevarsel om kraftig vind på kysten.

Er du også lei dette vêret? Her kjem ei gladnyheit
Elevar i Os på veg heim frå skulen i regnet.
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveitorsdag 15. sep. 2022 12:42

Frå i morgon av, og fram til torsdag neste veke er det meldt finvêr med noko skiftande skydekke.

Om du planlegg å vere utandørs på søndag, er du heldig. Då er det meldt skyfri himmel frå morgon til kveld, med 13 gradar på det meste.

Det skal blåsa friskt i helga. Med høgast vindstyrke på 9.9 m/s fredag ettermiddag.

Temperaturane vil ligge mellom 10-14 gradar fram til torsdag. Og den varmaste dagen blir på måndag, med heile 14 gradar.

Temperaturen synker gradvis etter måndag, før regnvêret kjem tilbake i slutten av neste veke.

Sendt ut farevarsel

HRS Sør-Norge skriv torsdag ettermiddag at det er sendt ut farevarsel for vind på Vestlandet det nest døgn.

Dei anbefaler å sjekke fortøyingar og lause gjenstandar når det blir meldt om sterk vind.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.