Lokal | 28. okt. 2009

Er du smitta?

Vaksinen mot svineinfluensa er komen, men det kom lite og det kom seint. Mange er allereie sjuke og mange har spørsmål.

Er du smitta?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. okt. 2009 07:58

Måndag for ei veke sidan kom vaksinen mot influensa (H1N1) til Os, onsdag var til saman 1000 dosar fordelt til legekontora i bygda. Dette er drygt halvparten av kva som trengs for å supplera risikogruppene med vaksine, og neste ladning til Os er ikkje venta før i midten av november.

- Normalt får vi 1500 dosar influensavaksine, så det er ein del som plar ta vaksine. Eg reknar med at det er mellom 1700 og 2000 osingar i risikogrupper, 10 prosent av folketalet er normalt. Så vi skulle hatt fleire dosar enn desse 1000, seier smittevernlege i Os kommune, Jan Rune Stangeland.

Så langt er det rapportert om få biverknadar av vaksinen, men enkelte har fått litt feber og lettare influensasymptom.

Yngste først
Dei som først får vaksine er gravide som er frå 14 veker ut i svangerskapet og folk som er i risikogruppene, først dei mellom 6 månadar og 64 år.

Særleg utsett er personar med:
• kronisk luftvegssjukdom
• kronisk hjarte-karsjukdom
• svekka forsvar mot infeksjonar
• diabetes type 1 eller 2
• kronisk nyresvikt eller leversvikt
• kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
• svært alvorleg overvekt

- Det er nokre som reagerer på dette med at dei yngste får først, men det er rett og slett fordi denne influensaen ser, i motsetnad til vanleg influensa, ut til å ramma dei yngste hardast.

Uvisst kor mange
Mange er allereie smitta. Halvparten av elevane ved Kongshaug Musikkgymnas har svineinfluensa. Midtsiden har blitt kontakta av foreldre ved fleire barneskular i Os, som fortel om sjukdom hos alt frå ein tredel til over halvparten av elevane i enkelte klassetrinn. Fleire har også hatt sjukdomen og blitt frisk igjen.

- Vi har ikkje oversikt over kor mange som er sjuke ved ulike skular eller barnehagar, vi har berre tal på kor mange som er stadfesta som smitta. Og dei einaste som blir testa er folk i risikogruppene, og på stadar der mange har symptom på smitte, som på Kongshaug, der vi har sjekka ein del elevar og stadfesta smitte.

Kva sjukdom har du?
Dei som har hatt svineinfluensa får det ikkje igjen, og treng derfor ikkje ta vaksine. Men korleis kan du veta om det er svineinfluensa du har?

- Den vanlege influensaen har ikkje kome til Noreg enno, men det er eit virus som går, med lettare influensasymptom, som litt feber og hoste. Men har du høg feber og nokre av dei andre symptoma, som smerter i musklar eller ledd, hoste eller mageproblem, så har du truleg svineinfluensa, seier Stangeland.

Dersom du har fått stadfesta svineinfluensa ved prøvetaking treng du ikkje vaksine. Det same gjeld dersom du har blitt sjuk etter smitta frå husstandsmedlem eller annan nærkontakt som har fått påvist influensa ved prøvetaking.

- Alle andre vert tilrådd å ta vaksine, og det er ikkje farleg å få vaksine sjølv om du skulle ha hatt influensa tidlegare.

Korleis unngå smitte?
Svineinfluensaen har kome til mange husstandar i Os. Frå du blir smitta til sjukdomen bryt ut (inkubasjonstida) er på 2-3 dagar. Korleis kan vi unngå at smitten spreier seg til heile familien?

- Den sjuke kan godt vera på eit rom for seg sjølv. God handhygiene og hostehygiene (hoste i olbogen) er dessutan svært viktig. Elles er det mange gode tips på pandemi.no, opplyser smittevernlegen.

Han oppfordrar også folk som er sjuke å halda seg heime i sju dagar.

- Kva om dei som er sjuke føler seg frisk og byrjar å bli rastlaus? Kan dei ta seg ein spasertur eller er det viktig å vera innandørs alle sju dagane?

- Nei, det er berre å ta seg ein spasertur, men ein bør unngå kontakt med andre for å unngå å spreia smitte, seier Jan Rune Stangeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.