Lokal | 26. aug. 2014

Er Hamnesjefen ribba?

Fleire har reagert på fjørdrakta til faren i knoppsvanefamilien i Oselvo den siste veka, men svana er neppe utsett for dyrplageri.

Er Hamnesjefen ribba?
Sånn ser Hamnesjefen ut, men årsaka er ikkje dyrplageri. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 26. aug. 2014 15:00

Den territoriale svana i Oselvo har vore gjennom litt av kvart, frå blyforgifting til å forårsaka båtulykker og å koma i konflikt med folk på veg til fest.

Før helga fekk Midtsiden tips av båtfolk som fortalte om svekka fjørdrakt og frykta at svanefar, som blir kalla Hamnesjefen, kunne ha vore utsett for dyrplageri.

Laurdag møtte vi ein Hamnesjef som såg ribba ut.

– Eg har sett det eg òg, men har ei heilt naturleg forklaring, seier dyreven og svanebok-forfattar Sølvi Bugge.

– Det heiter myting og er skifte av fjørdrakt. Fuglane fell dei gamle fjøra for å gro ut nye, forklarer ho.

Nokre fuglar har myting fleire gongar i året, andre med nokre år mellomrom.

Les meir om myting på Wikipedia.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.