Sport | 24. juli 2018

– Er heilt ekstremt

Roald Helle har aldri sett så lite vatn i Oselvo. – No renn det så vidt seks bøtter vatn i sekundet.

– Er heilt ekstremt
Roald Helle måtte til Aurlandselvi for å fiska tidlegare i månaden. No gler han seg over regnet som kjem, slik at situasjonen blir betre i Oselvo (privat foto/Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 24. juli 2018 13:16

Bildeserie:

Vassføringa ved Røykenes 24. juni 2018 (kjelde: NVE)
Vassføringa ved Røykenes 24. juni 2018 (kjelde: NVE)
Noko smolt står i klupen under gamlebrua (foto: Varde Solutions sitt undervasskamera)
Noko smolt står i klupen under gamlebrua (foto: Varde Solutions sitt undervasskamera)
1 av 2
Vassføringa ved Røykenes 24. juni 2018 (kjelde: NVE)
Noko smolt står i klupen under gamlebrua (foto: Varde Solutions sitt undervasskamera)

Ein som gler seg over det vesle regnet som kjem tysdag er formann i Osevassdragets forvaltningslag, Roald Hjelle.

– Det hjelper kanskje ikkje så mykje på vassføringa, men det tilfører oksygen til vatnet, noko som er viktig for fisken som står i elva.

Har aldri sett makan

Helle seier han aldri har opplevd liknande låg vassføring i Oselvo som det er no.

– På målestasjonen på Røykenes var det nede i 0,064 kubikk per sekund. Det er jo ikkje meir enn seks bøtter.

– Eg har aldri opplevd tilsvarande, ikkje ein gong på vinteren har vassføringa vore så låg som no.

Her kan du sjå målestasjonen på Røykenes (Kjelde: NVE)

Størst problem i sidevassdraga

Leiaren i forvaltningslaget er, trass tørken, optimistisk med tanke på fiskebestanden i elva.

– Det er sjølvsagt ein risiko for at smolten og småfisken går på land, eller står i dammar som tørkar ut. Det problemet er nok størst i sidevassdraga.

– I Oselvo er vi heldige som har kremretten og ein del vatn mellom elvestryka kor fisken kan opphalda seg. Problemet for fisken er det varme vatnet og mangel på oksygen, så det regnet som kjem no set vi stor pris på. Samtidig veit vi ikkje kor mykje fisk som har døydd på grunn av oksygenmangel.

– Det ser ikkje ut som det har skjedd, men det er eit langt vassdrag og vanskeleg å halda oversikt over. Ein vil nok kunna oppleva når elva tek seg oppatt at ein ser død fisk koma flytande.

Har god oversikt

I meir enn eit tiår har Rådgjevande biologar i Bergen telt bestanden i Oselvo.

– Teljingane viser at vi har ein god bestand. Dei gjennomfører teljingane på same stad kvart år, så vi får jo eit svar til hausten på korleis denne tørken har slått ut.

– Vi var heldig med god vannføring før fiskesesongen starta, så det står masse fisk oppover i vatna, men det er ikkje noko poeng å fiska etter den no. Til det er den alt for slapp på grunn av det varme vatnet. Den orkar rett og slett ikkje bita på. Før fisket opna målte eg 22 grader i elva. Også det er uvanleg. Det er sjeldan det kjem over 20 grader, og då er det i såfall godt ut i august.

Hell i uhell

Normalt går mykje fisk opp elva i løpet av sommaren, men med den låge vassføringa står heller fisken ute i fjorden og ventar.

– Det er på mange måtar hell i uhell at elva var så liten i utgangspunktet, at fisken ikkje gjekk opp. Då kunne nok situasjonen vore annleis med utbrot av sjukdomar og liknande. Det har vi sleppt så langt.

– No står laksen ute i fjorden og ventar på meir vatn og større elv. Får vi det, så kjem den til å koma opp. Gytinga skjer jo uansett ikkje før utpå hausten, så det at den står i fjorden og ventar gjer at eg ikkje trur tørken vil få stor innverknad på neste års produksjon av yngel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.