Er optimist
Helikopteret er godt i gong med å assistera sløkkearbeidet, og brannvesenet håpar på å få kontroll på brannen innan rimeleg tid.


- Det siste vi har loggført frå staden er at helikopteret som kom frå Tønsberg tok del i sløkkearbeidet klokka 16.41, seier operasjonsleiar Erik Gjesdal.
Helikopteret kom fram klokka 16.00. Vinden bles no mot nord og vest, og i vest ligg Rolls-Royce.
- Brannbefal har sett brannen frå lufta, og brannvesenet på staden skal vera optimistiske med tanke på å få kontroll på flammane innan rimeleg tid.
Det er observert ein ambulanse kjørande frå staden med sirener og blålys.
- Vi har ikkje fått melding om skadde, så det er truleg den som har stått i beredsskap som har rykt ut til anna oppdrag, seier Gjesdal.