Lokal | 27. apr. 2016

Er skulevegen trygg når E39 skal nedom Os?

Frå måndag skal ferjetrafikken sendast om Os sentrum. No har FAU ved Os barneskule servert ønskjeliste til vegvesenet.

Er skulevegen trygg når E39 skal nedom Os?
Denne overgangen i Mobergsbakken blir opphøgd og får truleg vakthald morgon og ettermiddag for å gjera skulevegen tryggare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. apr. 2016 08:09

Måndag 2. mai, førebels uvisst til kva klokkeslett, blir nordgåande retning på E39 mellom Moberg og Svegatjørn, stengt for trafikk.

Les òg:
1500 ekstra bilar per dag
Snart blir dette forbode
Kan legevakt og brannvesenet stå fast i ferjekø?

Vegen blir stengt i fire månadar, i den perioden på året med størst ferjetrafikk. To av desse er i skuleferien, men det er framleis litt tid til skuleferien startar og foreldreutvalet ved Os barneskule har hatt saka på agendaen sidan i haust.

– Då vi nyleg fekk høyra at det i møte mellom Os kommune og Statens vegvesen var konkludert med at det ikkje skulle koma nokre tiltak for tryggare skuleveg i denne perioden så inviterte vi til møte, fortel Beate Leirvåg frå FAU.

Dei hadde invitert foreldre frå både Os og Kuventræ til møte måndag for to dagar sidan. Fleire ungar frå Kuvågen går på Kuventræ barneskule.

Svært få foreldre møtte, men kommunen og vegvesenet stilte sterkt og foreldra har no håp om at det blir gjennomført nokre viktige tiltak.

Vakthald og fartsdump

På ønskjelista frå FAU sto blant anna redusert fartsgrense i Mobergsbakken frå 50 til 40 km/t og lysregulering på alle fotgjengarovergangane.

– Spesielt overgangen ved Midtskogvegen er skummel, i skyggen, nær ein sving, meiner Leirvåg.

– Eg veit at vegvesenet er skeptisk til bruk av lysregulering, at det kan auka risikoen. Men vi ser at dei ved Kirkevoll skule i Rådal, i motsett ende av vegprosjektet Svegatjørn-Rådal, har vaktar som hjelper til ved fotgjengarovergangane.

– Kan bli aktuelt

Sverre Ottesen, prosjektleiar frå Statens vegvesen, seier at dei jobbar med å få på plass tiltak innan måndag.

– Eg og byggeleiar Kari Bremnes har vore litt opptatt på kvar vår kant, men vi vil jobba for å få til vakthald både ved overgangen i Mobergssvingen og ved Midtskogvegen, seier Ottesen.

– Vi må først få dette klarert med entreprenøren, at dei har ledig mannskap.

I så fall vil det koma opp ei brakke så det er mannskap ved dei to overgangane morgon og ettermiddag. Dette vil Os barneskule snart få svar på.

– Fotgjengarovergangen ved Midtskogvegen er det frå før plan om å laga fartsdump på, at det blir opphøgd. Også dette vil vi prøva å få på plass snarast.

Flaskehals i Jordmorsvingen

FAU er opptatt av at skulevegen skal opplevast som trygg og har frykta at fleire vil byrja å køyra ungane sine til skulen.

– Om ikkje tiltaka kjem på plass, og foreldre byrjar å føla seg utrygge og køyrer elevane til skulen, så vil trafikken auka endå meir. Jordmorsvingen er allereie ein flaskehals, når Byvegen blir fylt med endå meir ferjetrafikk bør trafikken til og frå skulen ned, ikkje opp, seier Leirvåg.

Det blei òg drøfta å laga eit informasjonsskriv frå Os kommune til foreldra, med anbefalt skuleveg.

– Det er mange overgangar i sentrum, ved Statoil, Stegen og Best. Kanskje er det best å samla elevane mest mogleg i éi rute.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.