Lokal | 10. feb. 2014

Er Strønebrua friskmeldt?

Er arbeidet med "den verste brua i Hordaland" ferdig, eller er det planlagt meir vedlikehald på Strønebrua, eller andre bruer i Os?

Er Strønebrua friskmeldt?
– Skilta ved Strønebrua er ikkje vedlikehaldsrelatert, det er styrken til brua som gjer at skilta blir ståande. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. feb. 2014 10:18

Tidleg på 2000-talet kom ein rapport som viste at det sto dårleg til med bruene i Hordaland, og verst var tilstanden til Strønebrua.

• Les òg: Vil ha ny bru

Brua blei rusta opp for 7 millionar kroner og nytt rekkverk til 4 millionar kroner i 2003 og 2004.

• Les òg: Byter 40 feste

Også i 2008 var det arbeid på brua, men det står framleis skilt om svak bru, sentrisk kjøring og berre eitt tyngre kjøretøy om gangen.

– Ikkje plan om nye tiltak

Då Midtsiden med fleire var på møte om 2014-budsjettet til vegvesenet kom vi med spørsmål om arbeidet med brua var heilt ferdig, eller om det var plan om fleire tiltak.

Vi blei vist vidare til Gunnar Djuve, fagansvarleg hos vegvesenet for bruer og ferjekaiar i region vest.

– Det er ikkje planlagt fleire tiltak på Strønebrua, fortel Djuve.

Eit elektrokjemisk anlegg blei montert på brua, og i 2008 blei det skifta ut med eit anlegg som fungerte betre.

– Vi har sett straum på armeringa for å hindra rust, og har inspeksjon av dette med jamn frekvens. Sist vi var ute såg alt greit ut.

– Skilta ved brua har ikkje med vedlikehaldsrelatert tilstand å gjera, men med styrken til brua. Skilta blir ståande.

Lepsøybrua og Osbrua

Det einaste tiltaket som ligg i planane for bruer i Os i år er ny asfalt i ei fuge på Osbrua.

– Dette er eit mindre tiltak. Vi reparerte litt på denne fuga i vinter, men vi må nok ta heile fuga på nytt, med ein annan type asfalt, så vi får det skikkeleg.

På Lepsøybrua er det ønskje om nytt dekke.

– Dekket på Lepsøybrua er dårleg og her blir det nok spelt inn ønskje om nytt dekke. Men det ligg ikkje inne pengar til dette i år, seier Gunnar Djuve.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.