Næringsliv | 19. apr. 2020

Er-An Veikro opnar igjen

Vil dessutan utvida med bubilparkering i løpet av sommaren.

Er-An Veikro opnar igjen
Er-An Veikro har vore stengt i fem veker. I morgon opnar uterestaurant og takeaway-luke. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. apr. 2020 17:50
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Måndag 16. mars stengde dei restaurantdørene, etter to dagar med takeaway stengde også kjøkkenet på populære Er-An Veikro.

I morgon, fem veker etter stenging, er restauranten klar for opning igjen etter første del av koronakrisa.

– Den første helga etter at skulane stengde opplevde vi ein dramatisk redukson i omsetnad, og måtte permittera 25 tilsette. Det var ein uverkeleg situasjon, og eg vaknar framleis og lurer på om det var eit mareritt, seier innehavar Linda Andersen.

No gler ho seg til å opna igjen, sjølv om det blir med noko redusert tilbod.

27 rettar

Etter å ha mista starten på høgsesongen, er det ein noko varsam start etter perioden med koronastengt restaurant.

– Vi opnar først med takeaway og med delar av uteområdet ope for gjestar, og håper å opna restaurantlokalet om ei veke eller to.

Opningstidene blir noko redusert, det same blir menyen. Den blir likevel innhaldsrik med 21 rettar og 6 rettar på barnemenyen. Burgarar, softis, milkshake og fjellaure er med frå start.

– Vi ber folk ringa inn bestilling, eller bestilla via softisluka ved bussen.

Investerer likevel

Trass fem veker med stengt restaurant, vil Andersen investera litt denne forsommaren.

– Vi har plan om å starta med overnatting for både bubilar og campingvogner. Det vil kosta nokre kroner, men vi tar denne investeringa som planlangt.

Ho har henta inn prisar og lagt planar. Kor tid det er på plass, eller kor mange plassar det blir med straum og vatn, er førebels ikkje bestemt.

– No gler vi oss først og fremst til å få gang i kjøkkenet igjen, og å sjå bilar og motorsyklar på parkeringsplassen igjen - og så vidt helsa på folk ute og gjennom luka, seier Linda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.