midtsiden

- Erik er uskyldig

Prøvane til Erik Tysse er lagra feil, noko som har ført til danning av CERA-liknande teikn, seier norske biokjemikarar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

- Dei har ikkje lagt fram bevis for at det var CERA i Erik Tysse sin urin, skriv Tore Skottland, Helge Oftebro og Bjarne Østerud i eit innlegg på BT.no i dag.

Tore Skottland er dr.philos. i biokjemi ved UiB, Helge Oftebro er dr.med. og tidlegare leiar av dopingseksjonen ved Aker sjukehus og  Bjarne Østerud er professor ved Universitetet i Tromsø. Dei tre var sakkyndige i saka mot Tysse, som i førre veke enda med dom og utestenging.

Både laboratoria og domsutvalet meiner prøvane er forskriftsmessig lagra, men funnet av ulike hormonmengder beviser det motsette, meiner dei norske biokjemikarane.

Samstundes som analysedata viser at urinen inneheld færre av Tysses eigne hormonar (EPO) etter «forskriftsmessig» lagring i berre to dagar, påviser laboratoriet at banda dei tolkar som nærvær av CERA er meir intense.

Dette meiner dei norske biokjemikarane tyder på at det laboratoriet har «påvist» som CERA er noko som blir danna av EPO under lagring, når lagringa ikkje har vore god nok, noko den ifølgje Skottland, Oftebro og Østerud ikkje har vore.

- Ut frå den første dommen synes det som det trengs meir enn to biokjemikarar for å overbevisa retten om at tre dopinglaboratorier tar feil. Vi håper at mange med erfaring i desse metodane vil bidra i ein aksjon for å hindra «justismord» av Tysse, skriv dei avsluttingsvis.

Les heile innlegget på BT.no.

Fleire saker