Erling Øyasæter og Arne Hadler-Olsen er teke ut i roforbundet sine utviklingsgrupper (arkivfoto: Estela Reinoso Maset)

Erling og Arne i nasjonale utviklingsgrupper

Os-roarane Erling Øyasæter og Arne Hadler-Olsen er teke ut i nasjonale utviklingsgrupper. Satsingsgruppene skal hjelpa utøvarane mot OL i Tokyo 2020.

Av: Andris Hamre

Måndag publiserte Noregs Roforbund uttaket til forbundet sine utviklingsgrupper. Erling Øyasæter er ein av fire roarar som er teke ut i gruppa for menn, Arne Hadler-Olsen er ein av tre i menn-U23.

– Vi håper alle kandidatane ønskjer å bli med, og at vi saman med eit motivert trenarteam, kan byggje opp eit enno sterkare landslag i løpet av neste 4-års periode, mot OL i Tokyo 2020, skriv Lars Bjønness, leiar i Kraftsenterutvalet i uttaket.

Utviklingsgruppene blei tidlegare kalt rekruttlandslaget.

Elitedøra på gløtt

Elitegruppa til roforbundet med mellom anna Olaf Tufte, Are Strandli, Kristoffer Brun og Nils Jakob Hoff skal i løpet av våren sannsynlegvis aukast frå ti til femten utøvarar.

– Det er målet mitt. Å ta steget frå utviklingsgruppa til elitegruppa. Det er det eg vil jobba mot utover våren, seier Erling Øyasæter, som i samband med at han i januar mottok eitt av Os kommune sine kulturstipend fortalde at Tokyo 2020 er målet.

Får hjelp frå Olympiatoppen

Som deltakar i utviklingsgruppene får Øyasæter og Hadler-Olsen ekstra hjelp i satsinga si.

– Det går på at vi får vera med på litt samlinger, mellom anna til Tsjekkia i påsken, får litt ekstra hjelp frå Olympiatoppen og ekstra oppfølging frå forbundet sine trenarar. 

– No har eg god oppfølging allereie her i Bergen gjennom trenaren min Seb Baranzano, som både er kraftsenter-trenar og ein av trenarane i utviklingsgruppene. I sommar vil han òg vera landslagstrenar for dei som skal til U23-VM. Han er forøvrig også med og trenar juniorane i Os.

– Skilnaden mellom elitegruppa og utviklingsgruppa er stor. Det er forsåvidt også store skilnader internt i utviklingsgruppene òg. Men målet er at vi skal utvikla oss og over tid bli gode nok til å bli tatt opp i elitegruppa, forklarar Øyasæter.

Fleire saker