Lokal | 19. juni 2020

Ervikane og Nordstrøno prega av hærverk

– Nokon bør koma å rydda i dag, meiner rysta turgåar

Ervikane og Nordstrøno prega av hærverk
Fleire ruter i busskuret nærmast Ervikane er knust. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. juni 2020 12:20

Eit knust busskur nær avkøyrsla til Ervikane møtte turgåarar på veg til friluftsområdet i dag.

– Nokon må ha skadd seg, for det låg ein del blod der, seier ein innringar til Midtsiden.

I Ervikane såg det heller ikkje fint ut.

– Der var velta benkar og mykje glasskor. Dei som vil til Ervikane for å bada med små ungar, eller har hund med seg, bør sjå seg nøye om.

Politiet fortalte tidlegare i dag om ein ungdomsfest dei rykte ut på i går kveld. Mange avgangselevar ved tiandeklasse var samla for ei uoffisell avrunding på grunnskulen.

– Eg veit ikkje kven som har gjort dette, men nokon bør koma og rydda. Bergen og Omland Friluftsråd bør òg få beskjed.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.